Meninger

Kamp på havet - og på nettet

Internett har ført fordomsfulle, usaklege og hatefulle kommentarar ved lunsjbordet rett ut i det offentlege rommet.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Anno er Vårt Lands årskavalkade. Én journalist, ett tema. Les alle historiene fra verden «Anno 2015» her!

KrF-leiar Knut Arild Hareide fortalde til Dagbladet i starten av desember at denne hausten har vore den verste sidan han vart partleiar i 2011. Han har fått mykje hets, er blitt truga på livet og er blitt kalla «landssvikar og det som verre er». Omtrent samstundes fortalde statsminister Erna Solberg at ho er blitt kalla «feit jævel» og «Erna Fleskeberg».

Kvinner vert freista knebla med sex- og kroppsretorikk. Flyktningbølgja utløyser dei grovaste skjellsorda både mot uskuldige muslimar og mot politikarar som ikkje står første i rekkja for å stengje grensene.

Håp

No er det ingen grunn til å fordømme nettdebatten under eitt til evig liv langt utanfor folkeskikken. Det finst mange gode døme på debattar på nettet. Nettet gjev rom for lengre tankerekkjer, nyansar, oppklaring og raske reaksjonar utan å vente på trykkpressa. På verdidebatt.no har vi hatt fleire som dette året har sett korleis nettet opnar ei ny verd for samtale med folk dei er djupt usamde med.

Men slik aviser brukar meir krefter enn før på å redigere papirdebatten, trengst det krefter for å moderere debatten på nettet. Det er krevjande. For samstundes som nettet gjev rom for det lange og gode, gjev det uhorveleg mykje rom for dei som skjeller ut, sporar av og spreier udokumenterte konspirasjonsteoriar. Og det er uråd å krevje at debatten skal gå føre seg i kontortida.

LES OGSÅ: Her er nyhetsåret 2015

Fullt namn

Vårt Land var i 2009 først ute ved å innføre krav om nettdebatt under fullt namn. Seinare har store aviser følgt etter. Fullt namn er eitt av verkemidla for å redusere temperaturen. Men det finst folk som ikkje har det minste mot å æreskjelle andre under fullt namn. Og folk med høg utdanning kan ha like stor vilje som andre til å bryte folkeskikken når nettet opnar seg.

Dessutan er det krevjande å kontrollere at det folk seier at dei har som fullt namn, faktisk er ekte vare. Det ansvaret prøver vi her i huset å ta.

Debattstyring er fullt av dilemma. Vi skal gje rom for ytringsfridom, men eg er ingen fundamentalist, heller ikkje her. Målet må vere å utvikle ein nettdebatt som både skal segle breidde og vere meiningsfull for folk med ulik ståstad. Det inneber at vi i eit nettforum ikkje kan ha straffelova som einaste avgrensande reglar. På den andre sida må vi ikkje ha så strenge, oppdragande reglar at alle som har ytterleggåande meiningar, vert tvinga inn i eigne krokar.

Folkedjupet

I det offentlege rommet må det vere plass for svært kontroversielle standpunkt og for å imøtegå dei. Dei som til dømes er vidopne for folket i folkekyrkja, må også ha mot til å tåle og vilje til å svare på kraftige utfall frå folkedjupet, utan å stemple alle motstemmer som troll.

Men skjellsorda er eit problem, fordi dei i praksis er med på å kjeppjage andre stemmer frå bana. I balansegangen mellom ytringsfridom og det å skapa ei plattform for brei meiningsbryting, har eg ingen fasit.

Men vi skal altså avgjort ikkje tole alt. Vårt Land delte ut stipend til 21 år gamle Kristine Banggren. Ho har opplevd å skrive kronikk om fosterheimar og så fått svar i kommentarfeltet frå ein som ville sjå nakenbilete av henne. Slike kommentarar er det ingen grunn til å verne. Erna Solberg skal ikkje måtta tola å bli forsøkt knekt av kommentarar om utsjånaden. Knut Arild Hareide skal ikkje trugast på livet eller bli kalla landssvikar.

Konfrontere

VGTV ringte i vår opp folk som hadde skrive hatefullt om flyktningar i kommentarfelt. VG gjorde det for å konfrontere dei med den hatefulle og umenneskelege ordbruken. Etter mitt syn var det eit godt grep for å utvikle debatten. Folk som ytrar seg, må tåle å bli konfrontert og utfordra. Nettdebatt skal ikkje vere ein verbal dronekrig der folk kastar ut drepande skyts frå lang avstand i den enkle trua at dei slepp å svare for resultatet.

Som debattredaktør har eg gjort forsøk på å få folk som har vore knallhardt i tottane på kvarandre på nettet, til å møtast andlet til andlet. Det blir fleire forsøk på det i det nye året.

Islamdebatt

Flyktningbølgja utfordrar debatten. Det er ingen farbar veg å dytte problem og folkeleg uro under teppet og late som alt då blir bra. Open debatt er eit viktig grep for å halde samfunnet saman. Det er heller ingen farbar veg å «brunbeise» alle som er urolege for kultur- og religionskonfliktar, og med det stikka unna ansvaret for å argumentere.

Det er til dømes legitimt å utfordre problematiske sider ved islam og undertrykkjande sider ved muslimske majoritetssamfunn. Men vi skal ikkje tole at alle muslimar blir gjorde ansvarlege for islamistisk vald i Allahs namn.

Korleis vi utviklar nettdebatten er difor avgjerande for korleis vi som samfunn skal klare å snakke saman om kultur og religion. Det er eit sentralt nyttårsforsett for fleire enn debattredaktørar.

LES OGSÅ: Her er nyhetsåret 2015

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Meninger