Meninger

Made in North America

I sommar reagerte nordmenn på å bli skotne med Den heilage ande av kanadiaren Duncan Smith. Kvifor var det ikkje ein kinesar som skaut dei, undrar Astrid Dalehaug Norheim i ein kommentar.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

I helga låg norske menn og kvinner på golvet i Ekeberghallen i Oslo og «soaket», eller vart «marinert» i Guds nærleik. Bak mikrofonen stod mellom andre Duncan Smith frå Canada, som i sommar fekk reaksjonar etter at han simulerte geværeld og «skaut» deltakarar på TenOase med Den heilage ande.

Det er ikkje uvanleg at norske kristne hentar impulsar frå Canada eller USA. I fleire tiår har det vore åndsimpuls-bruer frå Nord-Amerika til Noreg. Dei nyaste er Lakeland-vekkinga i Florida, Pensacola og Toronto. Saddleback og Willow Creek har framleis sterke bruer til Noreg.

Nordmenn reiser over havet einskildvis eller i flokkar for å ta del i det som skjer og prøve å blåse liv i ein traust kristendom på vikande front i heimlandet.

Vekking og liding. Samstundes som nordmenn bestiller billettar til Florida og Toronto, fortel kyrkjeforskarar at det slett ikkje er der dei største vekkingane er.

I fare for å teikne eit for enkelt bilete, veit vi at i mange land med store vekkingar, er fattigdom og djup naud. Folk går i timesvis for å kome til møte, og dei kan lytte lenge til bibeltimar. Fleire har mista familiemedlemmer og jobben, og dei lever kanskje i løynd på grunn av trua si.

I sommar var biskop Mano Rumalshah frå Peshawar i Pakistan på Det Norske Misjonsselskaps generalforsamling. Han leier eit kristenfolk som lever i fattigdom, nedst på rangstigen, som vaskar toaletta for landsmennene og likevel deler med dei rikare, muslimske brødrene og søstrene når dei får donasjonar frå kyrkjer i vest. Han talte om forsoning. Det er ikkje store vekkingar som pregar kyrkjebiletet i Pakistan, men hadde ikkje velfødde nordmenn likevel noko å lære? I Damaskus i Syria lever kristne flyktningar ulovleg etter at dei har teke seg ut av lovlause Nord-Irak, der dei mange stader er fritt vilt. I India har vi sett hjarteskjerande bilete av kristne på flukt frå brennande landsbyar. Frå Kina har kristne i mange år fått sterke historier om trussøsken som er villege til å ofre både pengar og livet for trua si.

Den koptiske biskopen Thomas kunne nyleg ikkje returnere til heimlandet Egypt etter trugsmål.

Kvifor reiser ikkje nordmenn som treng inspirasjon til gudslivet og gudsnærvær, i store skarar til India, Kina, slummen i Damaskus og Pakistan? Og kvifor vert ikkje fleire biskopar, prestar og andre kristenleiarar frå desse landa henta til Noreg for å vere trekkplaster på inspirasjonskonferansar?

Litt vårt. Det er sjølvsagt mange grunnar til det. Det er enklare å kjøpe ein billett til Toronto enn til Peshawar, det er tryggare og vi kan språket. Vi kjenner dei kulturelle kodane til ein viss grad. Nord-Amerika er «litt vårt», vi har fjerne slektningar der og vitjar dei dagleg på film og i nyhende­sendingar.

Når ein legg dei praktiske sidene vekk, må ein likevel undre seg over om spørsmålet om kvifor nordmenn vel Toronto framfor Peshawar har fått svar. Har vi ikkje noko å lære om kvifor forfølgde kristne held på trua si? Og kvifor ser vi gong på gong at fleire vil bli kristne sjølv om dei veit at valet kan ende i torturkammeret?

Ein kan undrast om vi framleis ser på mange av desse landa som mottakarland for våre pengar og oppfatningar, sjølv om vi i mange år er blitt fortalt at det synet er over og ut. Trur vi verkeleg at biskop Mano og biskop Thomas kan inspirere oss? Kvifor er det ikkje dei som står på scena på store fornyingskonferansar?

Ei nærliggjande forklaring er at deira kontaktar i Noreg ikkje tradisjonelt har invitert til store konferansar. Det har vore karismatiske rørsler som har samla seg i store hallar og invitert med tjukke bokstavar. Kanskje har rett og slett misjonsorganisasjonane vore for forsiktige?

Åndeleg flyt. Det er også noko med fornyings- og vekkingsbølgjene vestfrå som appellerer til livet vårt. Vi kan køyre SUV til konferansehallen, få timevis med åndeleg påfyll og ta storhandel på Rema1000 på veg heim. I bilen kan vi lytte til lovsong og be om at det vi har opplevd må få prege livet vårt.

Det er lettare å finne plass til nokre timar med åndeleg flyt enn å lytte til kinesarar som brukar timevis på bibelundervisning.

Sjølv om ein del prøver å heve seg over dei åndelege impulsane som kjem vestfrå, kan mykje tyde på at dei har truffe godt i eit postmoderne og individualistisk Noreg som søkjer etter åndelege opplevingar. Går vi likevel glipp av viktige impulsar når vi ikkje ser sør- og austover?

Astrid Dalehaug Norheim, journalist

Enig? Uenig? Diskutér dagens kommentar
Start en ny debatt ved å velge «Nytt emne»

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Meninger