Kultur

Vil bevare­ Luthers ­aktivistiske arv

Det er først og fremst det kritiske blikket til Martin Luther vi kan lære av i dag, meiner feministiske teologar. No krev dei vilje til fornying i Den norske kirke.

I 2017 er det 500 år sidan Martin Luther hengde opp tesane sine på kyrkjedøra i Wittenberg og sette i gang reformasjonen som førte til brotet med den katolske kyrkja 20 år etter. For ein feminist innbyd ikkje jubileumsåret nødvendigvis til eit gledeleg gjensyn med reformatoren og tankane hans om kvinnerolla. Men eit tilbakeblikk på reformasjonen kan innebere ei nyoppdaging av både Luther og dei historiske hendingane.

St. Sunniva, tidsskriftet som blir utgitt av Norsk kvinnelig teologiforening, lanserte nyleg årets første nummer, med feministisk reformasjon som tema. Gjennomgåande i tekstane er at det er både mogleg og nødvendig å la seg inspirere av maktkritikken hos Luther.

– Reformasjonen er ikkje berre­ ei historisk hending, men eit kall kyrkja har til å stadig leve i ein reformasjon, til å sjå med kritisk blikk på teologi, samfunnsorden og kyrkje. Vår teologi blir prega av tida vi lever i, og som protestantar må vi finne mot til å bevege oss, forandre, fornye, igjen og igjen, seier nummer­redaktør Dorothee Ziller, som også er prest i Østerås og Grini­lund menigheter.

– Altfor liten plass 

Feministisk reformasjon, meiner Ziller, er nødvendig fordi ­feministteologien har ein altfor liten plass i ålmenta og i diskusjonen om kva kyrkje vi vil ha og korleis vi les dei bibelske tekstane:

– Den feministiske rørsla har stått i kampen lenge, og peikt på at kvinner må bli høyrt i kyrkja. Til trass for dette er det framleis mange i det teologiske landskapet­ som knapt har vore i berøring med feministisk teologi. Han blir lett polemisert mot og gjort til eit sidespor, til teologi for dei spesielt interesserte.

– Så de meiner ikkje at Luthers reformasjon var feministisk?

– Nei, men det ligg noko viktig i det allmenne prestedømet han lanserte, ein likskapstankegang som mest truleg har fått betyding for kvinnene si rolle. Ordinasjon av kvinner i den protestantiske kyrkja er ein impuls som kjem av reformasjonen, sjølv om Luther ikkje kunne føresjå det sjølv.

LES OGSÅ: – Luther la grunnlaget for den likestilte kirken

Kvinnelege reformatorar

Ziller ønskjer med tidsskriftnummeret også å synleggjere dei kvinnelege reformatorane som har fått liten eller knapt nokon plass når historia om reformasjonen skal forteljast.

Kvifor er det så viktig å trekke­ fram desse no så lenge etterpå? Har dei noka betyding for oss i dag?

– For det første synest eg sjølv det er utruleg inspirerande å lese om desse kvinnene som stolte på si eiga bibelutlegging og som kjempa for reformasjonens ideal.­ Det gjer meg modigare å vite noko om røtene eg sjølv står i. Og fleire av dei gjorde det same som vi gjer no: Dei gjorde kvinnene i Bibelen til førebilete, gjekk tilbake til røtene, seier Ziller, som vart overraska då ho oppdaga mengda av kjelder, pamflettar, litteratur og vitnesbyrd som finst av protestantiske kvinner frå 16- og 1700-talet.

– Då eg studerte, var det ingen som nemnde kvinnene i reformasjonen; ein måtte vere spesielt interessert og oppsøke dette stoffet sjølv. Identifikasjonsmoment i historia er viktige for oss som kvinner i dag, men det er sjølvsagt også viktig at vi får eit breiare og rettare bilete av kva som eigentleg skjedde.

Bidrog på ulike måtar

Ziller nemner ei rekke kvinner i teksten «Reformasjonens kvinner», som Olympia Fuliva Morata (1526–1555), som kjempa for utdanning for kvinner og ville blitt første kvinnelege lærar ved Universitet i Heidelberg om ho ikkje hadde døydd av tuberkulose som 29-åring, og Anna II. von Stollberg (1504–1574), som lanserte ei ny kyrkjeordning, innsette ein prost og reorganiserte skulevesenet. Men Ziller vil likevel særleg trekke fram den franske feministen og teologen Marie Dentière (cirka 1495–1561), som konverterte til protestantismen i 1524.

– Desse kvinnene bidrog til reformasjonen på ulike måtar. Somme skreiv salmar, fortolka Bibelen og forkynte, medan fyrstinner og hertuginner brukte si politiske makt til å kjempe for reformasjonsideala. Andre markerte si tilslutning ved å flykte frå klosteret og gå ei ukjend framtid i møte. Marie Dentière er likevel heilt spesiell. Ho ønskte seg ein plass for kvinner i kyrkja og oppmoda kvinner til å lese bibeltekstane og finne inspirasjon i kvinneskikkelsar frå Bibelen, seier Ziller.

LES OGSÅ: Kvinner som endret Europa

Portrett av den feministiske teologen Marie Dentière, som spreidde reformasjonens bodskap i 1500-talets Frankrike. Trykt med løyve, Atelier Roger Pfund, Portrait of Marie Dentière, Gèneve, 2009.
Portrett av den feministiske teologen Marie Dentière, som spreidde reformasjonens bodskap i 1500-talets Frankrike.Trykt med løyve, Atelier Roger Pfund, Portrait of Marie Dentière, Gèneve, 2009.

Kvinnesyn

Kjersti Brakestad Boge er sokneprest på Voss. Ho trekker spesielt fram Argula von Grumbach (1492– død ­cirka 1568), Katharina Schütz Zell (1497–1562) og Elisabeth von Braunschweig-Lüneburg (1510–1558) i artikkelen «Modige kvinner i reformasjonen».

– Luther vekte ei kvinnerørsle,­ skriv du i artikkelen. Korleis samsvarer det med alt vi har høyrt om Luthers sementering av kvinnerolla?

– Det er viktig å skilje mellom kvinnerolle og kvinnesyn når det gjeld Luther. Ein må lese han med utgangspunkt i det kvinnesynet som allereie eksisterte på den tida, seier Boge.

Dette kvinnesynet var forankra i mellomalderteologen Thomas Aquinas' lære og i skola­stikken, som tok utgangspunkt i den aristoteliske oppfatninga av kvinna som ein uferdig mann og ei dårlegare utgåve av mennesket.

– Luther tar eit kraftig oppgjer med det rådande aristoteliske kvinnesynet. Han gir kvinnene menneskeverd og ansvar, og ikkje minst gir han verdi til det kvinnelege livet, det materielle, det å føde barn, det å blø – alt som tidlegare vart sett ned på. Det er klart at Luther hadde klåre meiningar om kva kvinnene si rolle skulle innebere, som kanskje batt henne i endå større grad til hus og heim enn før. Men han støtta mange av kvinnene som kjempa offentleg for reformasjonen si sak.

Finst ikkje spor

Boge er også opptatt av at det skjedde ei innstrammande vending hos Luther etter 1525 og bondeopprøret, der frigjerande aspekt i teologien vart tona ned til fordel for forkynning av ei streng og riktig lære. Men kimen­ var sådd, og mange kvinner vart frimodige. For Boge er det viktig, og dessutan brennaktuelt å løfte fram dei kvinnene som i ­reformasjonens teneste gjekk seg ­utover denne rolla.

– Ein ting er kva kvinnesyn Luther hadde, men kva seier det om kvinnesynet og samfunnet vårt i dag, når det framleis mest ikkje finst spor av desse kvinnene i historiebøkene? Og då snakkar eg om bøker skrivne ­etter år 2000 av store mannlege teologar.­ Jo, det seier at kvinnehistorie for mange framleis ikkje er interessant.

LES OGSÅ: Vil vise oss en fremmed Luther

Argula von Grumbach frå Bayern hadde enorm bibelkunnskap og brukte bibelvers for å argumentere for at også kvinner skulle delta i reformasjonsdebatten. Illustrasjonen, også trykt i tidsskriftet, er frå ein pamflett ho skreiv i 1523.
Argula von Grumbach frå Bayern hadde enorm bibelkunnskap og brukte bibelvers for å argumentere for at også kvinner skulle delta i reformasjonsdebatten. Illustrasjonen, også trykt i tidsskriftet, er frå ein pamflett ho skreiv i 1523.

Bindestreks-teologi

Eit viktig bidrag til den aktualiseringa av reformasjonen som feministteologane ønskjer seg, er tesane som vart skrivne på ein teseverkstad under Feministteologisk symposium, eit fritt initiativ frå kvinnelege teologar, no i februar. Tesane vart ikkje hengde opp på noka kyrkjedør, men er no publiserte for første gong i tidsskriftet St. Sunniva. Kari Veiteberg, bymisjonsprest og ­redaksjonsmedlem i tidsskriftet, var leiar av verkstaden og har skrive om det i tidsskriftet.

– Kva reaksjonar ønskjer de, eller forventar de, skal kome av tesane?

– Poenget med dei er jo å ­invitere til debatt, til å snakke om saker vi meiner er viktige, seier Veiteberg.

Særleg tre av tesane verkar å vere tett knytte til kvarandre, som eit motsvar til kritikk den feministiske teologien har fått frå teologar som ikkje ser seg sjølve som marginaliserte: «Erfaring er en legitim kilde for teologi», «Teologi uten interseksjonalitet er bullshit» og «Nei til bindestreks-teologi».

– Er dette ein slags manifestering av ein steil front mot den dominerande vestlege teologien?

– Det kan du seie. Vi skriv dette i 2017. Vi tar innover oss alt som har blitt sagt til no og kommenterer det.

– Kva er det som er så problematisk ved omgrepet bindestreks-teologi?

– Det var ei tid der vi snakka om kyrkja og kvinnene, kyrkja og barna, som om kvinner og barn ikkje allereie er i kyrkja. Bindestreken lagar ein forskjell, set nokon på utsida. Intensjonane­ kan vere gode, men det kan fungere motsett for dei som er binde­streken. Det blir oss og dei, seier ho.

LES OGSÅ: Kirkens egne aktivister drev fram likestilling

Teologi og aktivisme

Kari Veiteberg peiker på at tesane også skal vere ei åtvaring og påminning til dei sjølve:

– Kvitheita, privilegia våre, det at vi er middelklasse, alt dette er også med på å prege teologien vår. Ingen teologi blir gjort utan tolking, og ein kan ikkje tolke uavhengig av erfaringane sine. Alle skriv ut ifrå ein stad.

Det er det som ligg i tanken om at teologi utan interseksjonalitet ikkje er mogleg – altså korleis sosiale kategoriar som kjønn, ­etnisitet, klasse og funksjonsevne, påverkar livsvilkåra våre.

Feministteologisk symposium er ikkje aleine om å hente inspirasjon frå Luther til å skrive tesar i aktivistisk ånd. Det internasjonale forskar- og aksjonsnettverket Radicalizing Reformation har til dømes skrive 94 tesar kor dei knyter bibeltekstar til globale kriser verda står overfor i dag. Veiteberg meiner det er ingen tvil om at det å skrive slike tesar i dag er ei form for aktivisme.

– I dette nummeret av St. Sunniva er det mykje snakk om dei modige kvinnene i reformasjonen. Er desse tesane ein måte å vere modige på? Korleis kan vi vere modige i dag?

– Det modige er å heile tida spørje: Kva står på spel i mitt liv, i mitt nabolag, i mi kyrkje? Det var Luther sitt utgangspunkt. Eg er myndiggjort, sett fri til å kjempe for nåde, fred og rettferd. Det er det som ligg i det reformatoriske.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur