22. mars 2018 sende organisasjonen Med Israel for fred (MIFF) inn eit varsel til diskrimineringsnemnda om ein festival ved namnet Feminine Tripper.

Festivalen, som blei arrangert 19.–25. mars i 2018, skal ha utlyst innslag frå internasjonale kunstnarar, men spesifikt avvist ti israelske kunstnarar på bakgrunn av nasjonal tilhøyrsle.

MIFF meinte festivalen braut med forbodet om å ikkje diskriminere på grunnlag av nasjonalt opphav.

Først 13. januar 2020 blei MIFF orientert om vedtaket. Diskrimineringsnemnda kom fram til at festivalen braut med forbodet mot diskriminering på bakgrunn av etnisitet. Vedtaket blei fatta to mot ein.

Dissens

Nemnda måtte ta stilling til om forskjellsbehandlinga til festivalen var lovleg i medhald til likestilling- og diskrimineringslova paragraf 9.

Mindretalet, som stod av nemnleier Ivar Danielsen, meinte forskjellsbehandlinga hadde eit sakleg formål og var i tråd med vilkåra i paragraf 9.

Fleirtalet meinte forskjellsbehandlinga var i strid med paragraf 9.

LES OGSÅ:

Dagen og Aftenbladet felt i PFU for OD-kritisk MIFF-annonse

• Kallar nei til Israel-appelsiner for mobbing

Møtte opp for å se «boikottet» Israel-film