Ho er 19 år og har solokonsert i Westminster Abbey: – Euforisk
ORGEL: I sommar speler det norske stjerneskuddet Victoria Ulriksen orgel i Europas storkyrkjer. – Eg har møtt på dei som meiner eg ikkje burde vere her som organist, seier ho.
LOKALKJEND I DOMKYRKJA: Victoria Ulriksen er godt kjend med orgelet i Oslo domkyrkje. Ein av lærarane til Ulriksen er tidlegare domkantor Kåre Nordstoga.
Nils Jakob Bakke Nydal
Westminster Abbey, Kaiser-Wilhelm-Gedächtniskirche i Berlin, Trieste-katedralen i Italia.
Dette er berre tre av dei 51 kyrkjene organisten Victoria Ulriksen skal spele i. For i heile sommar er ho på turné gjennom Europa for å spele på verdas mest avanserte orgel.
— Å spele i Westminster Abbey kjem til å bli ein euforisk oppleving. Eg trur det er eit så spesielt intrument at eg vil føle meg direkte heime der.
Bestill abonnement her
KJØP