Meir kyrkjeleg innhald i Olavsfest: – Ikkje eit bevisst grep
TRONDHEIM: Olavsfest har meir kyrkje på programmet i år enn i fjor. Målet om større breidde er uansett det same, ifølgje direktør Steinar Larsen.
NIDAROSDOMEN: Om lag 60 av 150 programpostar på Olavsfest 2025 har kristeleg innhald.
Ole Martin Wold
«Olavsfest må ikkje kutte bånda mellom kyrkje og kultur.»
Dette var blant kommentarane etter fjorårets Olavsfest, som ifølgje kritikarane hadde for lite fokus på den kristne arven.
På den kommande Olavsfesten er det no forholdsvis meir kristent innhald enn det har vore dei siste åra. Det er om lag 20 prosent auka kyrkjelege arrangement samanlikna med dei to siste åra, ifølgje rekning Vårt Land har gjort.
Bestill abonnement her
KJØP