Speler dronning Sonja: – Eg prøvde å gå inn i det menneskelege

PORTRETTET: Skodespelar Gina Bernhoft Gørvell lyser både på skjermen og på scena. Men ho er framleis redd for å såre andre.

Skodespelar Gina Bernhoft Gørvell
UNG STJERNE: Som dotter av to kjente teaternamn stod det moglegvis skrive i stjernene at også Gina Bernhoft Gørvell skulle ende opp på scenen. No er ho aktuell i suksessframsyninga «Europavisjonar» og som dronning Sonja i TV-serien «Harald og Sonja».
Publisert Sist oppdatert

Eit par, tre kvartal bak Slottet, nokre trapper opp til femte etasje, har Gina Bernhoft Gørvell invitert på kaffi. Her leiger ho ei leilegheit av skodespelarforeldra sine, Liv Bernhoft Osa og Per Gørvell. Det er kort veg å gå ned til Det Norske Teatret, der ho for tida spelar i suksessframsyninga Europavisjonar.

– Det er Europas historie frå Berlinmurens fall til i dag, i Eurovision-rammer, seier skodespelaren.

Sjølv er ho fødd i 1996 – eit godt stykke inn i handlinga, med andre ord. Det hindrar henne ikkje i å gjere ei rekke ulike dansenummer, flyge som ein vampyr over scena og diskutere religion og identitet mellom publikum i benkeradene. Stykket har fått skamros fleire stader, inkludert i Vårt Land.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS