Kulturdirektoratet snur etter Tangen-bråk – Arne Jensen stiller spørsmål ved lovbruken
Kulturdirektoratet snudde etter Tangen-bråket og vil no nekte innsyn i upubliserte bokmanus. Arne Jensen i Norsk Redaktørforening åtvarar mot å endre praksis som reaksjon på enkeltsaker.
TILLITSBROT: Nicolai Tangens nye bok fekk omtale før den vart lansert, noko som førte til sterke reaksjonar frå Kagge forlag, som kalla innsynet eit «grovt tillitsbrot» og prøvde å stanse publiseringa.
Erlend Berge
Kulturdirektoratet har gjort heilomvending i spørsmålet om innsyn i upubliserte bokmanus etter striden rundt E24 si omtale av oljefondssjef Nicolai Tangens kommande bok «Alt jeg har lært om ledelse».
Det var Dagens Næringsliv som fyrst omtalte saka.
Bakgrunnen for saka er at E24 nyleg fekk lese eit upublisert manus til boka. Manuskriptet låg som vedlegg til ein søknad frå Kagge forlag til Kulturrådet om å få boka inn i den statlege innkjøpsordninga.
Bestill abonnement her
KJØP