U2 deler synspunkta sine om Israel og Gaza
MUSIKK OG POLITIKK: – Vi vil at publikummet vårt skal vite kvar vi står, skriv medlemmane i U2 – og deler fire individuelle uttalar om Israels framferd på Gazastripa.
ISRAEL OG GAZA: – Vi er ikkje ekspertar på politikken i regionen, men vi vil at publikummet vårt skal vite kvar vi står, skriv U2. No har kvar av dei fire bandmedlemmane – (f.v.) bassist Adam Clayton, trommis Larry Mullen jr., gitarist The Edge og vokalist Bono – kome med ein uttale.
Kevin Wolf / AP / NTB
Medlemmane i U2 – Bono,
the Edge, Adam Clayton og Larry Mullen Jr. – har delt synspunkta sine om Israel
og Gaza. Dei fire medlemmane nøyer seg ikkje med éi felles fråsegn, men kjem
med fire individuelle uttalar. Ifølgje musikkmagasinet Pitchfork vart desse nyleg
delte på heimesida og Instagram-kontoen til det kjente bandet, saman med denne
fellesmeldinga:
–
Alle har lenge vore forferda over det som skjer i Gaza – men blokkeringa av
humanitær hjelp og planar om ei militær overtaking av Gaza by har ført
konflikten inn i ukjend terreng. Vi er ikkje ekspertar på politikken i
regionen, men vi vil at publikummet vårt skal vite kvar vi står, kvar og ein av oss, skriv U2.
Deretter følgjer uttalane
til dei fire bandmedlemmane. Frontfigur Bono har den lengste fråsegna. Han startar med å seie at han stort sett har halde seg unna å kommentere politikken
i Midtausten – «ikkje av audmjukskap, men av uvissheit i møte med openberr
kompleksitet».
Bestill abonnement her
KJØP