– Han var ein reinspikka opportunist
LITTERATUR: Han var ansvarleg for å sende norske jødar i døden, men fekk jobben sin tilbake etter krigen. No kjem tre bøker som stiller nye spørsmål ved frifinninga av Knut Rød.
FRIKJEND: Alle tre forfattarar som er aktuelle med bøker om Knut Rød i august er samde om at han ikkje burde ha vore frikjend.
NTB
Knut Rød, politimannen som leia arrestasjonen av norske jødar i 1942, vart etter krigen frifunnen i det norske rettsapparatet. Dette trass i at han aldri nekta for å ha deltatt i aksjonane, og at ansvaret hans var lett å dokumentere.
I haust blir Rød aktuell igjen, for i august kjem det heile tre forskjellige bøker om han.
Gaute Lund Rønnebu si bok Forbrytelse uten straff (Aschehoug) er den eine. Dei to andre er Mannen som gjekk fri (Vigmostad & Bjørke) av Dag Steinfeld, og Landssvikerne (Kagge) av Aage Georg Sivertsen.
Bestill abonnement her
KJØP