Ønsker meir mangfald i teateret
TEATER: Fleirkulturelle skodespelarar ønsker seg eit teaterpublikum som ikkje berre er kvitt. Det krev at teateret sikrar mangfald i alle ledd, meiner Nosizwe Baqwa og Samantha Gurah.
MANGFALD: Skodespelar Samantha Gurah spelte tidlegare i år hovudrolla som Nansi i «Hør'a dagbok» på Riksteateret. Ho meiner det er viktig med større mangfald på scena for å trekke eit meir mangfaldig publikum.
Terje Pedersen
Vårt Land skreiv nyleg om amerikanske og britiske teater som reserverer spesifikke forestellingar for eit svart publikum, såkalla «black out»-framsyningar. Fenomenet har enno ikkje gjort seg gjeldande i Noreg, men aktualiserer eit langvarig problem i teaterbransjen: Både skodespelarar og publikum har i hovudsak vore kvite.
Dei seinare åra har vi sett ei større satsing på skodespelarar med ikkje-europeisk familiebakgrunn, men så seint som i 2020 var det framleis mindre enn fem prosent svarte skodespelarar på dei største norske teaterscenene.
– Ein skulle tru at det var ei mykje større endring på gang, med så mykje politisk fokus på mangfald, så mange mangfaldsmidlar ein kan søke på, og så mykje mediemerksemd. Men framleis er prosenten svarte skodespelarar på scena låg, og eg vil tru at prosenten er endå lågare om du ser på dei som produserer teaterstykka, seier Nosizwe Baqwa, som har røter både i Noreg og Sør-Afrika og vann den gjeve Heddaprisen for beste musikkteaterforestelling i fjor, med Mor av en nasjon.
Bestill abonnement her
KJØP