Musikk

Bob Dylan tenker framleis nytt

Ei rad nye låtar, samt pause midt i konserten. Bob Dylan har stadig nye kort på lager.

Eg har etter kvart vore på ganske mange Bob Dylan-konsertar, men som regel evnar Dylan alltid å overraske med noko nytt. Torsdag kveld var den legendariske artisten endå ein gong attende i Oslo Spektrum. Det var ein både aldrande og opplagt Dylan vi vart vitne til denne gongen. Eg har aldri før sett at han har tatt pause, over 15 minutt, midt i konsertsettet. Sjølv synest eg han var endå meir vital etter pausen, med ein energirik versjon av «Summer Days» og ein nydeleg neddempa «Forgetful Heart».

Trøblete. Lyden var trøbelete i starten, då vi nesten ikkje høyrte Dylans vokal i byrjinga av «Things Have Changed». Heldigvis endra dette seg ganske fort. Og bortsett frå Stu Kimballs fadese på «Tangled Up in Blue», då han tydelegvis hadde gløymt å skifte batteri i gitarpickupen, var resten av konserten prega av eit velspelt orkester som i høgste grad var med på å løfte Dylans låtar.

At gitarist Charlie Sexton var med igjen, var også bra for dynamikken i låtane. Bassist Tony Garnier og trommis George Recile var stødige som alltid. Donnie Herron set sitt preg på lydbiletet med steelgitar.

Kva så med hovudpersonen sjølv? Somme hadde kanskje håpt at vi skulle få sjå ein nobelprisvinnar i Oslo Spektrum denne kvelden – sjølv var eg godt nøgd med Alice Munro – men Dylan var ikkje synleg nedslått av at han ikkje fekk den gjeve litteraturprisen dette året heller.

Nye låtar. Konserten i år var tydeleg prega av at Dylan ikkje berre ønskjer å spele dei eldste og største slagarane sine. Mange nye låtar, ikkje minst frå det nyaste albumet Tempest, gjorde konserten endå betre for fansen og kanskje litt mindre tilgjengeleg for dei som var der for å sjå ein legende.

Dei kjente låtane Dylan spelte, var i nye arrangement, og som vanleg med nye fraseringar. Dylan syng sjeldan melodilinjene slik vi har høyrt dei på plate. Ofte kan han verke meir monoton på konsert, men torsdag kveld var det fleire døme på at han trykte til litt ekstra i det øvre registeret.

Munnspel. Fine munnspelsoloar hadde han, òg. For ikkje å seie pianospel mykje betre enn det han i seinare tider har prestert på gitar. Likevel stod han heldigvis ikkje heile konserten bak pianoet, noko eg har opplevd før. Dylan bør stå mest mogleg framfor mikrofonen midt på scenen. Det gjorde han ofte torsdag kveld.

Før pausen fekk vi låtar som «What Good Am I?» og «Pay in Blood», mens han spelte både «Spirit on the Water» og «Scarlet Town» etter pause. Vi fekk også ein live-debut, så vidt eg veit, nemleg «Long and Wasted Years».

Først på ekstranummera kom storslagarane, nemleg «All along the Watchtower» og «Blowin' in the Wind».

Bob Dylan tenker framleis offensivt. Han begynner å bli ein gammal mann, men eg er sikker på at vi kjem til å få sjå han i Oslo fleire gonger. Eller kanskje Stockholm?

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Musikk