Musikk

Bob Dylans ustanselege versjonar

Kven kan som Dylan radbrekke og gjenskape sine eigne klassiske låtar?

For ein god månad sidan fylte Robert Allen Zimmerman 70 år. Mannen som i eit halvt hundreår har vore kjend som Bob Dylan, turnerer framleis like hyppig med sin Never Ending Tour – rundt hundre konsertar i året. I Noreg har han vore mange gonger, sist for to år sidan. Denne veka hadde den nyslåtte 70-åringen konsert både på Koengen i Bergen og i Oslo Spektrum. Eg høyrde han i Spektrum. Verka han matlei? Nei, på ingen måte. Men Dylan fjeskar ikkje med publikum. Han køyrer sitt eige løp.

LES OGSÅ: Jeg er troende

Noko av det som kjenneteiknar ein Dylan-konsert, er at det er vanskeleg å vite på førehand kva slags låtar han kjem til å spele. Ein del låtar har vore faste i det siste, så som ekstranummera «Like A Rolling Stone» og «All Along The Watchtower». Som aller siste låt har han variert mellom «Forever Young» og ultraklassikaren «Blowin' In The Wind». Elles kan det i prinsippet dukke opp kva som helst frå Dylans ekstremt store produksjon. Dette er noko av det som gjer det spennande å høyre Dylan år etter år – han tilbyr alltid noko nytt.

LES OGSÅ: Valget står mellom Gud eller djevelen

Bryt ned melodiar. Det gjeld ikkje minst tolkingane av eigne låtar. Å høyre Dylan på konsert er noko heilt anna enn å høyre Dylan på plate. For mange er det skuffande. Kvar er alle dei gode melodiane? Dylan er ein ekspert til å radbrekke og bryte ned dei mest fengande melodilinjer. Han har for vane å køyre låtane sine gjennom ei eller anna slags monotoneringsmaskin, med det resultatet at han ofte bjeffar meir enn han syng. Men dette er den negative versjonen. Frå ei anna side sett har Dylan eit ønske om aldri å la seg låse fast i etablerte mønster og konvensjonar. Som sann kunstnar må han nyskape, aldri gjengi.

Dylans ustanselege versjonar er utslag både av eit høgt utvikla kunstsyn og ein halvgalen matematisk-musikalsk filosofi. Spelestilen og fraseringsteknikken hans er nemleg bygd på oddetall framfor partal. Dette skriv han sjølv litt om i sjølvbiografien Memoarer. Den numeriske kombinasjonen av tonar skal etter planen skape eit fysiologisk heilskapsinntrykk. Då Dylan byrja med dette, var han fullt klar over at publikum ville komme til å stusse. «De som hadde fulgt min karriere i årevis og trodde de kjente låtene mine, kunne komme til å bli litt forvirret av måten de ville bli framført på nå». Sitat slutt.

SE BILDENE: Rockepoeten Bob Dylan runder 70

Perler på snor. Eg må nok innrømme at eg under konserten i Oslo Spektrum ikkje tenkte så mykje på det «visjonært matematiske» ved Dylans musikk. Det som er lettast å tenke på, er det ufatteleg imponerande ved katalogen hans. Frå og med opningslåten «Rainy Day Woman #12 & 35» hentar han fram den eine perla etter den andre. Når han spelar «Tangled Up In Blue» som fjerde låt, er det ikkje til å komme forbi at Dylan, ved sida av Leonard Cohen, er den fremste låtskrivaren rockehistoria har sett. Tradisjonsberar og kulturspegel, som dei seier på Universitetet i Oslo.

At Dylan er genial, prøver han om mogleg å skjule der han gøymer seg bak tangentane på fleire av låtane. Han er ikkje ein gong i rett dur alltid. Gitarsoloane er heller ikkje noko å skrive heim om – før han plutseleg kan glimte til med eit nydeleg treff. Det er typisk Dylan. Men det spørst om han ikkje snart bør la gitaren ligge og synthen stå. Det er når han krøkar seg bak mikrofonen, at låtane kjem mest til sin rett. Bandet, med Tony Garnier (bass) og Charlie Sexton (gitar) som leiande krefter, står uansett for det musikalske trøkket. At Sexton er attende i gjengen – han var ute mellom 2002 og 2009 – er eit løft.

Slurvar med vilje. For all del, Dylan er ikkje lam som instrumentalist. Sjølv om munnspelet låg litt for høgt i lydbiletet, hadde han fine munnspelsoloar på fleire av låtane. Men av og til kan det verke som han slurvar med vilje. Er det ein del av filosofien?

Ved sidan dei allereie nemnte, var «Forgetful Heart» og «Ballad Of A Thin Man» blant høgdepunkta på konserten i Oslo Spektrum. Ein kamerat av meg var i fyr og flamme over «Ballad Of Hollis Brown». Vi har alle vårt.

Det er framleis meiningsfullt å oppsøke Bob Dylans ustanselege versjonar. Han riv ned og byggjer opp att. Øydelegg og skaper nytt.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Musikk