Musikalsk kalas med Stein Torleif Bjella
Opninga på årets siste Øya-dag vart eit høgdepunkt.
Stein Torleif Bjella gjorde ein glimrande konsert på Øyafestivalen laurdag. Ikkje minst takka vere eminent gitarspel frå Geir Sundstøl (t.v.), meiner vår meldar.
Tone Leksbø Walgermo
Øyafestivalen har ein solid tradisjon for å sette opp knallgode konsertar klokka 13 på laurdag, den siste dagen i festivalveka. Den største suksessen var vel då Knutsen og Ludvigsen spelte på dette tidspunktet i 2006 – ein av dei beste konsertane eg har høyrt i Oslo, uansett sjanger.
I år var det Stein Torleif Bjella som fekk oppdraget å spele for alle som orkar å møte opp tidleg på festival. Også på laurdag var det mange. Amfiet i Tøyen-parken var nesten fullt, og publikum fekk høyre ein Bjella i godvigør. Etter ein nokså neddempa start, der artisten frå Ål i Hallingdal spela «Heidersmenn» og «Psykisk kan du vera sjøl» i mykje saktare tempo enn på debutplata Heidersmenn, fekk han opp dampen allereie frå tredje låt, «Tvangsguten kompani». Kontrabassist Eirik Øien og trommis Michael Blair heldt god driv resten av konserten.
Markant gitarist. Bjella har tidlegare spela fleire konsertar saman med gitaristen Kjartan Kristiansen frå DumDum Boys, men med Geir Sundstøl på scena mangla det ikkje på energi i gitarspelet. Sundstøl imponerte både på gitar, slide-gitar og banjo, og sette eit markant preg på konserten. Sundstøl, som er ein av dei mest brukte studiomusikarane i Noreg, er også eminent live, og det er på sin plass å løfte han fram særskilt etter konserten med Bjella på Øyafestivalen.
Bestill abonnement her
KJØP