Kunst

Taltrøbbel for kunstnarane

I desse dagar strevar norske kunstnarar med å svare på ei undersøking som mange synest er altfor innfløkt.

Det er litt myte og litt sanning: Kunstnarar er nokre suppegaukar på tal. Difor finst det nokre usikre faktorar i kunstnarundersøkinga som Telemarksforskning nyleg har sendt ut til storparten av alle norske kunstnarar. Problemet er rett og slett at undersøkinga er vanskeleg å svare på. Eg har sjølv fått skjemaet på e-post, og måtte klø meg i hovudet opptil fleire gonger undervegs.

No viser det seg at det ikkje berre er eg som har gløymt alt eg lærte det året eg studerte matematikk på Universitetet i Oslo. Fleire kunstnarar har allereie kasta inn handkledet. På Facebook gjev dei uttrykk for frustrasjon, mens andre oppmuntrar til å fylle ut så samvitsfullt som mogleg, uansett kor koko og krøkkete spørsmåla kan verke.

Undersøkinga begynner med å spørje om kunstnarisk hovedvirke og kunstnariske sideaktivitetar. Greitt nok, sjølv om multikunstnarar får trøbbel allereie her. Så er det fleire spørsmål om utdanning, som munnar ut ei sørgjeleg påminning om gjeld i Lånekassa.

Den store bøygen kjem likevel med spørsmåla om arbeidstid. Kven veit kor mykje kunstnarar jobbar? Ikkje kunstnarane sjølve, iallfall. Sjølv har eg iallfall ikkje tal på kor mange dagar og nettar, langt mindre timar, eg jobba med litteratur og musikk i fjor. Undersøkinga spør også om tidsbruken på kunstnarisk tilknytt og ikkje-kunstnarisk arbeid. Kva skal eg rekne det som å skrive i Vårt Land? Det høyrest nedslåande ut med «arbeid som ikke forutsetter kunstneriske kvalifikasjoner».

Kunstnarundersøkinga er meint å vere eit grunnlag for den blåblå regjeringa sin komande kunstnarpolitikk. Somme kunstnarar fryktar no at det berre er kunstnarar som har talkunnskapen (les: økonomien) på stell, som kjem til å svare på undersøkinga. Regjeringa vil dermed få inntrykk av at kunstnarane tener greitt og lever heilt greitt.

Kunstnarane er i taltrøbbel. Den magre trøysta får vere at leveringsfristen er blitt forlenga til over sommarferien.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kunst