Klassisk musikk for folk flest

Konservative musikkinstitusjonar mjuknar opp. Barratt Due-studentar speler på pub, medan konsertarrangørar leikar med form og PR-strategiar for å trekke eit yngre publikum. Tala tyder på at dei lukkast.

Barratt Due-studentar speler for gjestane på Grünerløkka Brygghus. F.v. Rasmus Hella Mikkelsen, Katinka Nilssen, Ingvill Skjørten, Filip Natanael Håkestad og Grigory Martyushenko.
Publisert Sist oppdatert

– For nokre år sidan låg den største kjøpargruppa vår på 65 år og oppover. No ligg han mellom 45 og 55 år, så her har det skjedd ei merkbar endring, seier Eirik Raude, festivalsjef for Risør kammermusikkfest.

Klassisk musikk er i vinden for tida. I 2018 var det den raskast veksande musikksjangeren om ein ser på strøyme- og salstal. Også konsertarrangørane opplever auka engasjement hjå unge. Risør-festivalen har gjort fleire grep for å få eit yngre publikum.

– Vi lagar festivalopplevingar som passar for dei mellom 25 og 45 år. Betre presentering av programmet og scenar tilrettelagt for det breie publikumet gjer at vi klarar å lage festivalstemning for publikum i fleire aldrar, seier Raude.

Powered by Labrador CMS