Filmforbundsleiar kritisk til KI-endring av spelefilm: – Det kokar i blodet!

FILM: Ein tolv år gammal spelefilm har fått ny slutt laga av kunstig intelligens, heilt utan at regissøren er blitt involvert. – Eit soleklart brot på opphavsretten, seier leiar i Filmforbundet, Elisabeth O. Sjaastad.

LEIAR: Elisabeth O. Sjaastad er forbundsleiar i Norsk Filmforbund. Ho er sterkt kritisk til at ein eksisterande spelefilm har fått ein ny slutt laga av kunstig intelligens – utan at regissøren visste om det.
Publisert

Eit indisk filmselskap nylanserer ein film som hadde ein trist slutt då han kom ut for tolv år sidan. Raanjhanaa er ein hindispråkleg film om den tragiske kjærleiken mellom ein hinduistisk mann og ei muslimsk kvinne. Når han no kjem ut på kino igjen med tamilsk tale, under namnet Ambikapath, er det meir enn språket som er annleis. 

Filmen har fått ein såkalla «lykkeleg slutt», generert av kunstig intelligens.

Ikkje nok med det: Endringa er gjort av filmselskapet utan at regissøren, Aanand L. Rai, er blitt involvert i prosessen. Ifølgje The Guardian fekk han vite om endringane gjennom media.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP