Ekkoet av ein ven

Forfattaren Ingvar Ambjørnsen har lagt ut på sin siste tur. Han fekk med seg Guds evige lys på ferda.

GRAVFERD: Forfattaren Ingvar Ambjørnsen blei bisett frå Kulturkirken Jakob i Oslo onsdag 6. august. «Få forfattarar har som Ambjørnsen evna å løfte opp utskota og dei utstøytte i samfunnet», skriv Alf Kjetil Walgermo.
Publisert Sist oppdatert

Få forfattarar lukkast med å nå så breitt ut og få så gode kritikkar for bøkene sine som Ingvar Ambjørnsen. Då Ambjørnsen døydde den 19. juli i år, etter lang tids kols-sjukdom, var dei ei forfattarlegende som gjekk bort. 

Mange kunne fortelje om kor mykje forfattarskapet hans har betydd for dei. Ikkje minst har Ambjørnsen vore viktig for dei som stod litt på skeiva i samfunnet, i utkanten eller utanfor.

Onsdag ettermiddag blei den folkekjære forfattaren bisett frå Kulturkirken Jakob i Oslo. Etter Ambjørnsens eige ønske var det Alf van der Hagen, som står bak samtalebiografien Ønsk meg heller god tur (2023), som leia seremonien. 

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP