Trikkeinfluensar skal studere teologi
TRIKK OG TRU: Teologistudium hadde få søkjarar. Trikkesjåfør, Emil Nordvik er ein av 25 som skal starte på profesjonsstudiet ved MF.
TRIKKEPLING: Emil Nordvik fortel at det fullt mogleg at han legg inn meir teologisk innhald i den relativt nye Instagram kontoen Trikkepling.
Nils Jakob Bakke Nydal
Emil Nordvik er 25 år og til hausten byrjar han på teologistudiet ved MF vitskapeleg høgskule. Samtidig køyrer han trikk i Oslo, og deler glimt frå trikkeførarkvardagen på Instagram.
– Det var eigentleg litt tilfeldig at det blei teologi. Eg vurderte juss ein periode, og så tenkte eg på å bli pianostemmar. Men dei planane fall vekk. Teologi var det som stod att som verkeleg interessant – og det var jo ikkje akkurat vanskeleg å komme inn på, seier han med eit smil.
Han har rett.
Bestill abonnement her
KJØP