Bøker

Hormonboblebadet

Tenåra kan vera krevande å koma gjennom. Ungdommane burde få lov til å gå med skiltet: «Stengt, grunna ombygging».

Ikkje utan grunn er puberteten eit ynda emne for forfattarar. Knapt i nokon annan periode av livet skjer det så mykje som då. Vanlege morgonar kan vera som krevjande hinderløyper; mellom spegelen som skrik mot deg at du er stygg, klesskapet som ikkje inneheld noko som er kult, mamma som masar om at du burde stått opp tidlegare og frukost som du ikkje torer nyta i redsle for å bli feit. Og når ein så omsider kjem inn i skolegarden, gjeld det å finna ein plass i ein av gjengane og halda seg på trygg avstand frå dei største elevane, som er skumle som velvaksne schæferhundar.

På kornet

Biletet med schæferhundane har eg frå boka 1.000 ­dagar av Inger Johanne Sæterbakk. Ho tek denne pubertetstida på kornet i skildringane av Johanna, som byrjar i 8. klasse og er spent på korleis det skal bli på den nye skolen. Johanna er ei veltilpassa, flink og grei jente, som er besteven med granneguten Georg. Det har vore kjekt så lenge ho var barn, men kva skjer når ­puberteten melder seg?

Historia Sæterbakk utviklar, er så jordnær og vanleg at ein skulle tru det blei keisamt. Når det ikkje gjer det, er det av di ho skriv knakande godt om det som går føre seg av ­refleksjonar inne i hovudet til Johanna.­ Vi skjønar hennar dilemma­ og at dei kan bli store, jamvel om det berre handlar om små, trivielle kvardagshendingar.­ Ja, ikkje berre skjønar vi henne, vi kjenner oss att, eller hugsar noko som liknar. Det kan vera trøystefullt for unge lesarar å sjå at det ikkje går heilt i dass jamvel om konfliktane som dukkar opp, er plagsame. Dei let seg løysa.

Sjølvbilete

Men ikkje alle vil lesa om slikt som liknar til forveksling på eigen kvardag. Sjølv minnest eg gråtkvalte lesestunder med Victor Hugos De elendige i hendene. Kan hende har ein bruk for å setja eigne problem i relieff, ei slags krisemaksimering, for å koma seg gjennom «ombygginga». I så måte finst det eit moderne alternativ i boka Miss av Synne Sun Løes.

Tittelen set oss på sporet av ei ung jente med katastrofalt sjølv­bilete. Namnet er Ea, men det er det einaste som er lite med henne. Ho er solid overvektig og så utilpass i livet at ho har slutta på skolen og trekkjer seg unna sosial aktivitet.

Sprudlande

Ein skulle tru dette blei trist å lesa, men nei. Dei 320 ­sidene er fulle av humor og klokskap, og det er så kreativt og sprudlande skrive at ein blir riven med, jamvel om historia er nokså usannsynleg. Boka er bognande slik ein ser for seg at kroppen til Ea bognar over bukselinninga. Ea er skildra slik at teksten ikkje fokuserer på det triste, men på den store livskrafta hennar.

Det er noko ein kan trenge i dei vanskelege tenåra – å bli minna om at det ikkje treng å gå ad undas sjølv om alt kan sjå over alle støvleskaft svart ut. Det finst ei verd der ute, kring det kaotiske sjølvbiletet ein går og dreg med, der det kan vere nokon som treng deg. Og som vi minnest frå barnelærdommen: Den største gleda du kan ha, det er å gjera andre glad. Kanskje er det ein grunn til at dette blir forkynt nett i den perioden av livet då ein er som mest innkrøkt i seg sjølv?

Sommarferie

Ein får mange bilete i hovudet av å lesa ei bok som Miss. Men det finst dei som vel å satsa­ ­absolutt alt på at bilete kan bli til forteljing i lesaren sitt hovud. Hysj av Magnhild Winsnes er ei slik. Ho er mest heilt utan ord.

Her møter vi Hanna på veg til sommarferie saman med syskenbarnet Siv og foreldra hennar. Ho gler seg, spent på kor mange av rekordane frå i fjor dei kan slå; krabber i spannet, badmintonslag, halda seg under vatn … Men noko har skjedd med Siv. Ho er ikkje så interessert i slikt lenger. Storesystera sine opplegg med gutar derimot, opptek henne veldig. Det blir kræsj. Hanna kjenner seg forvirra og skuffa, men samstundes er det jo spennande med dette nye. Ho prøvar å henge på så godt ho kan.

Naive

Det er noko likt i måten Hanna i Hysj og Johanna i 1.000 ­dagar opplever puberteten på. Dei er båe tillitsfullt naive og blir tekne på senga av at spelereglane brått er endra. Båe gjer så godt dei kan for å takla utfordringane og det går stort sett bra. Eit viktig element ved Hysj er at fordi handlinga er framstilt i teikningar, blir boka svært open. Lesaren får skjerpa fantasien sin og kan sjølv leve seg inn i dei ulike hendingane og fylle dei med slikt ein kjenner att frå eige liv. Boka sluttar med at Hanna sit i eigne tankar og ser ut av bilglaset når mora køyrer henne heim. Det er ein perfekt slutt. Vi skjønar at ho har mykje å tenkja på etter denne rare sommaren, og dette blir dessutan eit bilete på at i møte med store endringar i livet, er vi alle einsame. Vi står sjølvsagt i våre ulike samanhangar og får mange slags impulsar, men vår eiga utvikling må vi sjølve ta ansvar for.

I teikneserien Knøttene blir den molefonkne Baltus ein gong minna på at han alltids har biblioteket. Det er ei god ­påminning. Der finst eit mykje rikare ­utval av bøker som kan hjelpa ein gjennom ­puberteten enn dei eg har nemnt her. Og nett mangfaldet er viktig. For jamvel om puberteten har mange fellestrekk, finst det ikkje to personar som opplever han på same måte.

Marianne Lystrup

Les mer om mer disse temaene:

Marianne Lystrup

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker