Kultur

Fleire barnebøker om sterke kvinner

Internasjonalt blir det utgitt stadig fleire illustrerte sakprosabøker om kvinner for barn og unge. Vi ser tendensen også i Noreg.

– Barn er svampar som absorberer verda rundt seg. Og vi, som vaksne, er ansvarlege for å velje kva verd vi viser dei. Jo fortare vi lærer dei at vi alle har store draumar uansett om vi er gutar eller jenter, jo betre.

Det seier Isabel Sánchez Vegara, forfattar av bøkene i serien Små folk, store drømmer, som no kjem ut i norsk omsetting. Bøkene kom først ut i Spania og ein del av ein aukande trend av illustrerte, biografiske sakprosabøker for barn om historiske kvinner, med titlar som Women in Science, Bad Girls Throughout History, Fantastically great women who changed the world, Goodnight stories for rebel girls – der også sistnemnde er utkomen i norsk omsetting.

Ideen fekk Vegara då ho leitte etter bøker til sine to små nieser.

– Eg vart overraska over at det framleis var så mange historier om kvinner som venta på at ein prins skulle kome og redde dei. Historia er jo full av utrulege kvinner, sterke, sjølvstendige og lidenskapelege – og eg bestemte meg for at heller ville fortelje dei om desse.

LES OGSÅ: Brukte Nangijala som forbilde

Åtte av ti

At fleire av bøkene no blir omsette til norsk, er eit teikn på at trenden kan vere i ferd med å kome til Noreg.

– Dei siste par åra har det kome ei bølgje av illustrert, feministisk sakprosa internasjonalt, og slik sett er vi ein del av ein større trend, seier Marta Breen.

Saman med illustratør Jenny Jordahl har ho gitt ut boka 60 damer du skulle ha møtt - som med korte tekstar og teikningar presenterer viktige historiske kvinner vi elles kanskje har høyrt lite om. Breen er også styreleiar i Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening, og meiner den feministiske trenden vil fylle eit tomrom i norsk sakprosa for barn og unge.

– Ifølgje tal frå Klassekampen handlar åtte av ti biografiar som kjem ut i Noreg om menn. Det betyr at det framleis er mange spennande historier om kvinner som ventar på å blir fortalde, seier ho.

Men det er fleire ting som skal klaffe før bølgja slår over oss for fullt.

LES OGSÅ: I England er skurkene i barnebøker nesten alltid gutter.

LES OGSÅ: En fortelling om barn på flukt

Dårlege vilkår

Dei siste åra er det fleire som har ropt varsko om at stoda for den norske sakprosaen for barn og unge på ingen måte er tilfredsstillande. Det er forholdsvis få utgivingar, og sjangeren har dårlege vilkår samanlikna med andre. Det er lågare økonomisk risiko for forlaga å satse på omsett sakprosa for barn - fordi han er billigare i produksjon og dermed lågare i pris, og at forfattarar og illustratørar ikkje vil kunne leve av å skape faktabøker for barn og unge. Problemet er samansett, og handlar om tilskotsordningar, om forlagas satsingsområde, og om eksponering i bokhandlarar og i media.

Ane Nordsteien Nielsen undersøkte i 2016 rammevilkåra og stoda for den norske marknaden for sakprosa for barn og unge i masteroppgåva I skyggen av skjønnlitteraturen (UiO). Ho peiker på at den kommersielle, omsette litteraturen tar ganske stor plass.

– Sjølv om det blir gitt ut mykje nyskapande og interessant sakprosa for barn og unge, består ein stor del av denne marknaden av kommersielle utgivingar, mykje aktivitetsbøker og hobbybøker, seier Nielsen. I tillegg til ei stilling i Norsk Kulturråd jobbar ho med ei utreiing for Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening om sakprosa for barn og unge, som skal vere klar våren 2018.

– Forlaga er i stor grad avhengige av støtteordningane for feltet for å kunne gi ut norsk sakprosa for barn og unge. Og i det kommersielle segmentet er det ofte omsette bøker som er gjeldande. Det kan vere problematisk fordi desse bøkene ofte er prega av å skulle passe til mange ulike kulturelle kontekstar, og ikkje er tilpassa norske forhold.

LES OGSÅ: Manglar bøker om mindre privilegerte barn

Mest for gutar?

I den norske sakprosaen for barn og unge som finst og som er kjøpt inn, verkar det som om tematikken lenge har vore noko avgrensa, og to sitat frå Nielsen oppgåve seier mykje om stoda: «De innkjøpte titlene er sterkt prega av naturvitenskapelige emner og biografier om hvite norske menn født på 1800-tallet.» «Kvinner og kulturelle minoriteter er underrepresentert.»

– Kvifor har desse temaa klart å få eit slags feste?

– Eg trur mykje av det handlar om at det er ein sterk formidlingstradisjon i naturvitskapane. Sakprosaen er prega av den skal ha eit instrumentelt formål, barn skal lære noko, og typiske vitskapar der ein kan setje to strekar under svaret eignar seg godt og kan halde seg over tid, seier Nielsen.

At biografiar er populære, og at det mange fleire biografiar om menn enn om kvinner, er same tendens som vi ser i sakprosaen for vaksne. Nielsen peiker på at biografiar om kvite menn fødde på 1800-talet dessutan er den same type biografiar som vaksne las då dei var unge.

– Det kan vere ein nostalgi eller ein tryggleik der som at det er lett for at dei får barna til å lese det same. Foreldre har også ansvar for det barna les.

LES OGSÅ: Bildebøker kan åpne for vanskelige samtaler med barn

Ukontroversielt

Sakprosaen for barn og unge er, slik Nielsen peiker på i oppgåva, prega av lite kontroversielle emne, og ein forskar som Tone Birkeland meiner det heng saman med kravet om etterprøving som blir favorisert i denne sjangeren. Ho meiner det tunge innslaget av naturvitskap, teknikk og geografi heng saman med ei førestilling om at sakprosa hovudsakeleg appellerer til gutar og om at barn ikkje er interesserte i politiske spørsmål. Også då fleire ropte varsko om stoda for sakprosaen for barn og unge i fjor, var viktigheita av å få gutar til å lese veldig i fokus.

– Speler det noka rolle for kva som blir utgitt, slik du ser det?

– Det kan godt hende. Men no ser vi ein tendens til at samfunnsaktuelle tema har fått større plass i sakprosaen, særleg for ungdom. Og i det siste har det kome fleire slike bøker retta mot jenter. Vonleg vil det påverke temavala i framtida.

LES OGSÅ: Sorry gutta, men vi må snakke mer om mensen

Prinsesser og dronningar

Dei siste tiåra har det dukka opp biografiar om kvinner med jamne mellomrom, også for barn og unge, men det kan vere langt imellom, er ofte retta mot eldre barn og ungdom, og utan eit så tydeleg feministisk forteikn som desse bøkene vi no ser, har.

– Eg synest det er synd at så mykje av den kommersielle barnelitteraturen er fargekoda etter kjønn, der vi ofte ser at prinsessebøkene for jenter fokuserer på utsjånad og pynt, og piratbøkene for gutar på aktiv leik. Dette er ein av grunnane til at barna treng å få kjennskap til at det har eksistert kloke, eventyrlystne og handlekraftige kvinner til alle tider, seier Marta Breen.

Heldigvis byrjar det å kome fleire illustrerte biografiar om kvinner retta mot barn og unge også på norsk. Agnes-Margrethe Bjorvand gav i 2015 ut ei bok om Astrid Lindgren saman med illustratør Lisa Aisato, og Linn T. Sunne har saman med Jenny Jordahl utgitt ei bok om dronning Elizabeth I og om dronning Margrete i målgruppa 9-12 år.

– Eg er opptatt av korleis barndom og ungdom formar oss som personar, kor prisgitt ein er omgivnader og foreldre i oppveksten. Så er det slik at historiefaget er fullt av menn. Det er ei utvikling her, men det kan jo verke som det har levd fleire menn enn kvinner i hundrevis av år. Slik er det jo ikkje. Det er viktig både for gutar og jenter at ein synleggjer denne skeivheita. Og det verkar som det er eit større medvit kring dette no. Eg håper at det kjem fleire bøker om sterke kvinner - og eg har tenkt å bidra! seier Sunne.

LES OGSÅ: – Religionene er drevet fremover av menn

Meir verdidebatt

Nielsen meiner også at det kan opne seg eit rom for denne litteraturen av fleire grunnar.

– Mykje har forandra seg når det gjeld sakprosa, fordi informasjon er så lett tilgjengeleg i dag. Då må sakprosaen ha eit anna formål, og kanskje vil det vere å tematisere aktuelle tema og inkludere verdidebatt på ein annan måte, seier Nielsen.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur