Film

Dysfunksjonell og dyster familie

Michael Hanekes nye film, Happy End, teiknar ei besteborgarleg krise like mørk som flyktningkrisa. Den lykkelege slutten synest å vere langt unna.

Vi kjenner Michael Haneke som ein av Europas store regissørar. Blant filmane hans er til dømes Skjult (2005), Det hvite båndet (2009) og Amour (2012), som alle har vunne ei rekke framståande filmprisar. For dei to sistnemnde filmane vann Haneke også den økumeniske Andreasprisen, som blir gitt av Vårt Land i samarbeid med Den norske filmfestivalen og bransjeorganisasjonen Film&Kino.

Haneke har alltid gått kompromisslaust til verks i møte med utfordringar i samtida, og det kviler eit visst mørke over mange av filmane hans. Det gjer det i alle fall i Happy End, trass tittelen.

Raknar i saumane

Med den europeiske flyktningkrisa som bakteppe, utspelar handlingane i den franske byen Calais. Det er likevel krisa i den besteborgarlege familien Laurent som er gjenstand for Hanekes filmatiske undersøkingar. Det er ein familie som raknar i nær sagt alle saumar.

Filmen byrjar sett gjennom mobiltelefonen til tenåringsjenta Eve (Fantine Harduin), som gir oss det første sjokket som denne filmen har å by på. Eve har nemleg gitt mor si ein stor dose sedativa, noko som skal få alvorlege følgjer.

Eve flyttar inn i villaen der faren Thomas Laurent (Mathieu Kassowitz) bur saman med søster si Anne (Isabelle Huppert) og far sin Georges (Jean-Louis Tritignant). Anne har ein son, Pierre (Franz Rogowski), som har sine utfordringar. Desse blir meir alvorlege etter ei ulukke i familiebedrifta, eit konstruksjonsselskap, som fører til at ein mann blir hardt skadd.

For mørk

Filmen følgjer vekselvis dei ulike personane, med Anne som eit slags midtpunkt, som prøver å halde fasaden oppe. Georges, på si side, har fått nok av livet og leitar etter ein måte å gjere det slutt. Etter eit mislukka sjølvmordsforsøk endar han i rullestol, og allierer seg etter kvart med den dystre Eve, som verkar kapabel til å utføre all slags handlingar.

Eg er sjølv ein stor fan av Hanekes filmkunst, og set pris også på dei mørke delane i filmografien hans. Likevel blir Happy End for mørk for min smak. Håpsdimensjonen er milevis unna, og filmen set seg som ein murstein i magen. Sterkt er det. Men så uendeleg dystert.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Film