Film

Truverdig kristen ­mirakelfilm

Gode skildringar av kristne familiar er ein mangelvare på film. Miracles from Heaven lukkast godt.

Den amerikanske spelefilmen Miracles from Heaven har gått på norske kinoar ei vekes tid. Sjølv såg eg filmen i ein temmeleg glissen sal, men han fortener eit større publikum. Ikkje fordi filmen er genial eller feilfri, men fordi han lukkast i å skildre ein normal kristen familie i møte med ein uvanleg og alvorleg sjukdom.

Sjølv om bibelbølgja har rulla over oss dei seinare åra, med filmar som The Passion of the Christ, Noah, Exodus: Gods and kings, Risen og den ferske nyinnspelinga av Ben-Hur, er skildringa av kristne familiar på film framleis mangelvare. Eit problem med somme av filmane som siktar seg inn mot eit spesifikt kristent publikum, er den vekslande kvaliteten. Der det estetiske fundamentet sviktar, går det også utover det åndelege utbyttet, iallfall for somme av oss. Somme gonger er likevel historiene så sterke at det er fullt mogleg å lukke auga for visse visuelle og forteljartekniske breistar. Iblant kjem det også overraskande solstreif inn frå sida, som den vakre, om enn noko sentimentale Blindside, med Sandra Bullock i ­hovudrolla.

KOMMENTAR: Jesus og Snåsamannen er straks klare for norske teaterscener. Det speglar eit samfunn i endring.

Himmelbesøk

For to år sidan kom filmen Heaven is for Real, som fekk mykje merksemd. Den filmen er bygd rundt nær-­døden-opplevinga til guten Colton, som vaknar og fortel om eit besøk i himmelen. Miracles from Heaven, som også bygger på ei sann historie, har eit mykje meir jordnært utgangspunkt, sjølv om filmen inkluderer ei liknande scene. Her handlar det likevel mest om det jordnære truslivet, og korleis det blir utfordra i møte med eit barns lidingar – det vondes problem.

Slik Ivan Karamasov (i Dostojevskijs roman Brørne Karamasov) avviste ein Gud som kan tillate å la eit einaste uskuldig barn lide, får også Christy Beam (Jennifer Garner) store vanskar med si gudstru når dottera Anna får ein sjeldan og alvorleg tarmsjukdom. Filmen teiknar eit kyrkjemiljø der presten er ein klok mann, mens visse personar i kyrkjelyden manglar den same visdommen og kjem med åndelege flosklar som provoserer Christy kraftig. Desse velmeinande, men uforstandige­ kristne er regelrett med på å auke truskrisa hennar.

Miracles from ­Heaven

Amerikansk drama


Regi: Patricia Riggen


Skodespelarar: Jennifer ­Garner, Martin Henderson, Kylie Rogers, Queen Latifah


1 t. 48 min.
9 år

Jordnær mirakelfilm ­solid forankra i eit kristent ­livssyn.

Nyansert

Filmen er nyansert både i skildringar av det kristne­ miljøet, familien og i tilnærminga til titteltemaet mirakel. Her blir ikkje mirakla påstått som Guds direkte inngrep, men er først og fremst gjenstand for undring og takksemd. Mirakelforståinga blir også kopla til eit høgst kvardagsleg nivå: Alt det gode vi menneske er i stand til å gjere mot kvarandre.

Dette er ikkje til hinder for at filmen ber med seg eit forkynnande aspekt som mange vil like, andre vil mislike. ­Miracles from Heaven når kanskje ikkje heilt til dei himmelske høgder, men er ein gjennomført og fin film med godt skodespel og kraftfull tematikk, solid forankra i eit kristent livssyn.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Film