Teater

Mirakel i teatret

Jesus og Snåsamannen er straks klare for norske teaterscener. Det speglar eit samfunn i endring.

Religiøs tru er på ulikt vis tema for to teaterframsyningar som får premiere neste veke. På Det norske teatret vil Svein Tindberg og Bjørn Eidsvåg finne ut om vi treng Jesus i dag, og i tilfelle kva slags Jesus. I Etterlyst: Jesus leitar dei både i kulturhistoria og i sin eigen oppvekst for å teikne eit bilete av Jesus slik dei ser han for seg i dag. «Vesle Bjørn var sikker på at Jesus alltid ville passe på han. Men i ungdomstida blei Jesus mykje strengare. Ikkje likte han langt hår, ikkje rytmisk musikk og heller ikkje at kvinner blei prestar. I studietida endra Jesus seg ytterlegare, og Bjørn Eidsvåg kunne konstatere at Jesus var annleis i Oslo enn på heimplassen. Her var han ein slags kul hippietype som forkynte peace and love. Seinare blei han presentert for ein sosialistisk Jesus og ein som inspirerte folk til å gjere godt, som ein Gandhi eller Nelson Mandela,» heiter det på teatrets nettsider.

Samarbeid

Riksteatret skal på si side rundt på norske ­teaterscener med førestellinga Snåsamannens sang, i samarbeid med Teater Ibsen i Skien og Nord-Trøndelag Teater. Tre teatersjefar har altså gått ­saman om stykket, med ønske om å skape ei oppsetting for «eit Norge av i dag». Ideen kom frå teatersjef Thomas Bye ved Teater Ibsen, som i fjor haust sette opp Bibelens Jobs bok som minimalistisk intimteater. I eit intervju med Vårt Land sa Bye den gongen at ambisjonen hans for det kommande året var at alle Teater Ibsens oppsetningar skulle handle om tru, ettersom det er ein av dei mest aktuelle og sentrale tematikkane i vår tid.

Det er ikkje noko nytt at norske teaterscener interesserer seg for religiøse tematikkar. Både teatret og religionen har rom for transcendens, det som overskrid våre daglegdagse erfaringar. Denne typen tematikkar føyer seg naturleg inn i det teateret elles utforskar. Samtidig er det, i eit samfunnsperspektiv, mogleg å sjå den sterke religiøse interessa som uttrykk for at verda av i dag ikkje er heilt den same som verda av i går. Der sterke uttrykk for religiøsitet tidlegare kan ha blitt dyssa ned, blir dei i dag gjort til gjenstand for refleksjon og undring: Treng vi religiøse mirakel for å forstå liva våre?

Gode krefter

Den svenske dramatikaren Klas Abrahamsson, som i fjor fekk Ibsenpriset for bidraga sine til svensk teater, har ifølgje Riksteatret interessert seg for korleis nordmenn av alle samfunnslag har uttrykt tiltru til Snåsamannens gode krefter. Bjarne Håkon Hanssen, som seinare blei helseminister, var ein av dei som fekk hjelp – til å kurere den nyfødde sonen sin for kolikk.

Det er ikkje så mange år sidan Snåsamannen var ein person som helst ikkje blei prata høgt om. Etter Ingar Sletten Kolloens biografi i 2008, er han derimot blitt allemanns­eige. Berre det siste halvåret har rundt 170.000 nordmenn sett Margret Olins film Mannen fra Snåsa på kino (og endå fleire om ein reknar med DVD). Filmen ligg truleg godt an til å bli tildelt Folkets Amanda under filmfestivalen i Haugesund neste veke.

LES OGSÅ: «De hellige, alminnelige kirkesnylterne»

Sunn utvikling

At både ­Jesus og Snåsamannens mirakel no får sin plass på norske teaterscener, speglar ei utvikling i samfunnet. Vi er ikkje lenger redde for å diskutere det vi ikkje kan forstå. Det er ei sunn utvikling, som må halde fram.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Teater