Film

Woody Allen med romantikk i Roma

Men meisterregissøren lukkast ikkje med sin nye film.

ANMELDELSE: Den evige stad er ein perfekt plass for kjærleik og romantikk. Med To Rome With Love er Woody Allen no komen til den italienske hovudstaden i det som fortonar seg som ei langvarig europeisk rundreise i filmregi. Etter å ha skrive seg inn i historiebøkene med intelligente og nevrotiske forteljar frå Manhattan, New York, har Allen dei seinare åra laga film frå dei europeiske storbyane – London (Match Point, Scoop, Cassandra's Dream og You Will Meet A Tall Dark Stranger), Barcelona (Vicky Cristina Barcelona) og Paris (Midnight in Paris). Ei av årsakene er at marknaden for den typen filmar Woody Allen lagar, blir stadig mindre i USA. Her i Europa elskar vi han framleis, sjølv om enkelte av dei nye filmane hans ber preg av venstrehandsregi.

Både Match Point (2005) og Midnight in Paris (2011) er filmar heilt i toppsjiktet av Allens filmografi. Det same kan ikkje seiast om To Rome with Love. Woody Allen-fansen vil sjølvsagt finne mange godbitar også her, ikkje minst i form av smart dialog og frekke forteljargrep. Dessutan presenterer Allen ein idé som er verd kinobilletten åleine – ei operaførestelling der songaren syng frå ein portabel dusj. Spelet med klisjeen funkar på ein særs oppfriskande måte. Er vi ikkje alle store operasongarar heime i dusjen?

Hektisk klipping. Det verkar likevel ikkje som om Allen klarer å samle dei lause nervetrådane til ei verkeleg god forteljing denne gongen. I staden får vi litt her og litt der, i hektisk klipping mellom fire småhistorier. Den mest mediekritiske handlar om noksagten Leopoldo (Roberto Benigni), ein heilt ordinær «mann i gata» som vaknar ein dag og er blitt uforståeleg berømt. Leopoldo forstår ingenting mens paparazziane fotfølgjer han og journalistane stiller tåpelege og trivielle spørsmål om kva slags brød han åt til frukost, og om han barberte seg før eller etterpå.

Ei anna historie handlar om ein ungt nygift par som kjem bort ifrå kvarandre. Forviklingane er store: Mannen endar med å presentere den prostituerte Anna (Penelope Cruz) for slektningane sine som si nye kone, mens den bortkomne kona på si side blir forført av ei italiensk filmstjerne.

Fatal forelsking. Den tredje historia er den forteljarteknisk mest interessante, der Alec Baldwins rollefigur, arkitekten John, møter arkitektstudenten Jack (Jesse Eisenberg) og gjenopplever ei ungdomsforelsking. Møter han i realiteten sitt gamle «eg»? Iallfall er John tilstades som ein slags mental rådgjevar, som både er med i og står utanfor handlinga, når Jack blir forelska i bestevenninna til kjærasten.

Woody Allen er sjølv med i den fjerde handlingstråden, der han spelar den pensjonerte operaregissøren som oppdagar at faren til den kommande svigersonen, ein gravferdsagent, har ei fantastisk røyst. Men altså berre i dusjen.

To Rome With Love har fleire morosame enkeltscener, men er under pari som heilskap. Woody Allen burde ha gjort seg betre flid med manuset, som verkar som eit oppsop av diverse halvgode idear. Fullstendig katastrofe er det ikkje, men ein solid nedtur etter fantastiske i Midnight in Paris. Men med Woody Allen er det som med livet sjølv, eventuelt Forrest Gumps sjokoladeeske: Du kan ha ei aning om smaken, men du veit aldri heilt kva du får.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Film