Woody Allen med romantikk i Roma
Men meisterregissøren lukkast ikkje med sin nye film.
Jesse Eisenberg og Ellen Page spelar to av rollene i Woody Allens nye film, To Rome with Love. Filmen er under pari, meiner vår kommentator.
Filmweb
ANMELDELSE: Den evige stad er ein perfekt plass for kjærleik og romantikk. Med To Rome With Love er Woody Allen no komen til den italienske hovudstaden i det som fortonar seg som ei langvarig europeisk rundreise i filmregi. Etter å ha skrive seg inn i historiebøkene med intelligente og nevrotiske forteljar frå Manhattan, New York, har Allen dei seinare åra laga film frå dei europeiske storbyane – London (Match Point, Scoop, Cassandra's Dream og You Will Meet A Tall Dark Stranger), Barcelona (Vicky Cristina Barcelona) og Paris (Midnight in Paris). Ei av årsakene er at marknaden for den typen filmar Woody Allen lagar, blir stadig mindre i USA. Her i Europa elskar vi han framleis, sjølv om enkelte av dei nye filmane hans ber preg av venstrehandsregi.
Både Match Point (2005) og Midnight in Paris (2011) er filmar heilt i toppsjiktet av Allens filmografi. Det same kan ikkje seiast om To Rome with Love. Woody Allen-fansen vil sjølvsagt finne mange godbitar også her, ikkje minst i form av smart dialog og frekke forteljargrep. Dessutan presenterer Allen ein idé som er verd kinobilletten åleine – ei operaførestelling der songaren syng frå ein portabel dusj. Spelet med klisjeen funkar på ein særs oppfriskande måte. Er vi ikkje alle store operasongarar heime i dusjen?
Hektisk klipping. Det verkar likevel ikkje som om Allen klarer å samle dei lause nervetrådane til ei verkeleg god forteljing denne gongen. I staden får vi litt her og litt der, i hektisk klipping mellom fire småhistorier. Den mest mediekritiske handlar om noksagten Leopoldo (Roberto Benigni), ein heilt ordinær «mann i gata» som vaknar ein dag og er blitt uforståeleg berømt. Leopoldo forstår ingenting mens paparazziane fotfølgjer han og journalistane stiller tåpelege og trivielle spørsmål om kva slags brød han åt til frukost, og om han barberte seg før eller etterpå.