Film

Svak historie, heftig dans

Det er ikkje dansen det er noko gale med, det er alt som fører fram til han.

Under finalen i Melodi Grand Prix i mai kom heile Europa saman til gatedans til tonane frå den norske duoen Madcon. «Glow» blei umiddelbart ein suksess, og gjekk til topps på listene i Tyskland (til og med forbi deira eiga Satellite-Lena). Gatedans engasjerer.

Det er Madcons førre superhit, «Beggin'», som set takta for den britiske dansefilmen Streetdance 3D. Dette skal visstnok vere verdas første dansefilm i 3D, sjølv om den tredimensjonale effekten ikkje verkar så overveldande. Kanskje byrjar eg allereie å ta han for gitt?

Henta frå TV. Sentrale aktørar i filmen er henta frå det britiske TV-programmet Britain's Got Talent. Dei fleste hugsar kanskje songarinna Susan Boyle, men ho vart slått av dansegruppa Diversity i finalen i fjor. I tillegg til Diversity og Flawless – ei anna dansegruppe – dukkar også 16-åringen George Sampson opp med eit heftig danseopptrinn i filmen. Sampson vann Britain's Got Talent i 2008.

For alle som synest det er moro med breakdance, hip hop og liknande, byr Streetdance 3D på mange spektakulære augeblikk. Truleg evnar filmen å inspirere danseinteressert ungdom og unge vaksne. Sjølv ein støl sunnmøring som meg får lyst til å ta «backspin» på parketten.

Pinleg banal. Likevel er det plagsamt at ein må sjå bort frå store delar av filmen for å ha full glede av han. Skodespelet er nemleg så stivt at det risikerer å bryte saman for kvar nye replikk. Og historia er nesten pinleg banal, der alt handlar om å komme seg vidare til neste dansesekvens.

Kva handlar så Streetdance 3D om? Jo, det er den gamle historia om den lokale gjengen som øver for å vinne det nasjonale meisterskapet. Undervegs blir gjengen stilte på harde prøver, som når dei oppdagar at den tidlegare leiaren deira har gått over til motstandaren.

Carly (Nichola Burley) er vår helt, jenta som smørar sandwichar på jobb og instruerer dansarane sine på fritida. Dansegruppa har ikkje noko stad å øve, men etter at Carly har levert ein sandwich til ballettlærarinna Helena (Charlotte Rampling) ordnar det seg: Carly og co. får lov til å øve i ein stor og flott ballettsal mot at dei bankar inn litt lidenskap i Helenas pyntlege elevar.

Tåspiss mot joggesko. Dermed er kulturutvekslinga i gang. Det er ballett mot streetdance, tåspiss mot joggesko, strømpebukser mot buksesig. Forholdet byrjar med «battle» (duell). Kan det ende opp i fruktbart samarbeid?

Skepsisen er stor på begge sider. Ein av ballettdansarane, som har ein rik far, seier at ho ikkje betalar for «discodans». Målet hennar er å bli tatt opp av The Royal Ballet, det største av dei tre store ballettkompania i Storbritannia. Mens streetdansarane på si side sukkar tungt over piruettane og dei stive ryggane som ballettfolka vartar opp med.

Det er vel inga overrasking at nokre fordommar etter kvart vert brotne ned. Dette skjer parallelt med at Carly utviklar varme kjensler for ein av ballettdansarane, Tomas (Richard Winsor). Den tidlegare kjærasten hennar (den nemnde eks-danseleiaran) kan berre angre på alt han har forlate.

Stiv form. Filmen teiknar opp ein relativt klisjéfylt kamp mellom ulike pedagogiske modellar, mellom vegetarisk stivleik og kjøtfull lidenskap. Intensjonen er god, for idealet er multikultur og sjangerbryting. Men filmen lét seg likevel fange i ei stiv og sjangerbasert form, i strid med sin eigen bodskap.

Samtidig er dette noko vi er villige til å sjå bort ifrå, berre vi får nye kick av konsentrert dansekos. Og vi skal kanskje vere glade for at filmskaparane først og fremst har hyra inn gode dansarar og ikkje gode skodespelarar til denne filmen. Det motsette ville iallfall vere dobbelt stusseleg.

Streetdance 3D er med andre ord ein temmeleg svak film som likevel maktar å underhalde og engasjere. I skrivande stund ligg han på tredje plass i Storbritannia, noko som gjer han til den mest suksessfulle dansefilmen i britisk filmhistorie.

Skulle eg sett berre ein dansefilm i sommar, ville eg nok heller sett Carlos Sauras Tango (1998) på DVD. Men «streetballett» er moro, det også. Plukk gjerne opp nokre triks.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Film