Eit nytt opprør mot fornuften
Romantikken tok oppgjer med fornuften som einaste rettesnor for å forstå verda. I dag ser vi ei liknande lengt etter at det skal vere meir mellom himmel og jord.
Den intense lengsla i romantikken liknar den religiøse lengsla, som mellom anna kan finnast i Thomas Coles målarstykke «The Voyage of Life: Manhood» (1842). – Det romantiske universet er eit åndsunivers, seier den norske forfattaren Geir Uthaug.
Wikimedia commons
Vi har alle eit forhold til romantikken. Dei fleste av oss kanskje først og fremst gjennom skulepensum. Vi tenkjer på Edvard Grieg og Henrik Wergeland, kanskje på Rousseau, Goethe, Novalis og Blake. Og i alle fall på vill natur og sterke kjensler. Kortversjonen er at romantikken er ein mangfaldig epoke som var ein reaksjon på opplysningstidas rasjonalitet.
Tysk bølgje
I Tyskland ser vi no konturane av ei nyromantisk bølgje, der unge, romantiske intellektuelle vender seg mot dyrkinga av rasjonalismen. Dette gjer dei ved å sette kjenslene, fantasien, det gåtefulle, alt som ikkje så lett lar seg kategorisere, i sentrum for kunsten og verdsforståinga. I spissen står forfattaren Leonhard Hieronimy med manifestet Ultraromantik, og forfattaren Simon Strauß. Hans kritikarroste roman Sieben Nächte, «Sju netter», kjem også ut på norsk til neste år. Boka er romantisk i den forstand at det er ei reint subjektiv og inderleg bok, slik forfattaren ser det.