Dirigerer sin far
Då Dmitrij Sjostakovitsj' sjuande symfoni hadde premiere i eit omringa Leningrad i 1942, fekk sonen sjokolade så han ikkje skulle lage bråk. I kveld dirigerer han symfonien sjølv i Oslo Konserthus.
- Eg prøver å leggje meg så nært opptil fars intensjonar og idear som mogleg, seier Maksim Sjostakovitsj. Torsdag og fredag kveld dirigerer han faren Dmitrijs Leningradsymfoni i Oslo Konserthus.
Lars O. Flydal
På ein Sjostakovitsj-konsert får ein mest lyst til å marsjere heftig rundt i konsertlokalet i takt med musikken. Samtidig vil ein gjerne sitje så stille ein berre kan, for ikkje å gå glipp av ein einaste note, ein einaste tone. Dette inntrykket festar seg endå sterkare når Vårt Land får vere med på konsertøving i Oslo Konserthus: Sjostakovitsj' sjuande symfoni, dirigert av Maksim Sjostakovitsj, sonen til komponist Dmitrij.
Tragedie. Bakteppet for symfonien er likevel ikkje noko å marsjere taktfast til: den ufattelege tragedien då Nazi-Tyskland omringa Leningrad (i dag: St. Petersburg) i tre år og nesten ein million sivile døydde av svolt. På det tidspunktet var Maksim Sjostakovitsj ein liten gut på fire, fem år.
Eg hugsar bileta av tyske soldatar i avisene. Mor var veldig religiøs. Ho gret og leste salmar. Det var ei vanskeleg tid, fortel Sjostakovitsj.
Bestill abonnement her
KJØP