Bøker

Gullkalven i Frankfurt

Det er ikkje for å betre kvaliteten på norsk litteratur at vi spyttar inn 51 millionar i verdas største bokmesse.

Bilde 1 av 2

I dag brakar det laus i Frankfurt: Noreg er hovudlandet på den verdskjente bokmessa. Den norske stat har spytta inn 30 millionar kronar, mens 21 millionar kronar har komme inn gjennom andre tilskot og sponsorar. Allereie før det heile starta, er Maja Lunde blitt ein bestseljar i Tyskland. Legg vi til store internasjonale namn som Jo Nesbø og Karl Ove Knausgård, samt Tysklandseventyra til Jostein Gaarder og Erik Fosnes Hansen. Eksempla er mange: Norsk litteratur er i vinden i utlandet.

Midt oppi alt dette, øver norsk litteratur seg på noko ein blir betre og betre til: Å selje seg sjølv.

Å bygge eit namn

Det er eit teikn i tida. Dei siste åra har utlandssalet av norske bøker auka. Det har nær samanheng med satsinga til NORLA (Senter for norsk litteratur i utlandet og ansvarleg for prosjektet Noreg som gjesteland på bokmessa i Frankfurt) og jobben dei ulike agentura gjer med å selje rettane til norske bøker til utlandet.

Samtidig er det blitt viktigare og viktigare her heime at forfattarane sjølv kan reise rundt og formidle eigne bøker. Å bygge namnet sitt blant det bokkjøpande publikum blir gjort gjennom å reise rundt på festivalar og ulike litterære arrangement over heile landet.

Korleis du maktar å snakke om deg og ditt, avgjer vel så mykje om ein forfattar skal ha suksess, som at boka er litterært god.

LES MER: Prisvinner langet ut mot Peter Handke

Kva er ei vellukka bok?

Tidlegare måtte forfattarar komme gjennom nålauge til kritikarane for å bli eit stort namn på den litterære himmelen i Noreg. Ari Behn tatoverte inn på skuldra seksarterningen han fekk av VG for debutboka i 1999. Ingen forfattar ville gidda å gjort noko slikt i dag – dei ville heller legge ut på Instagram at dei har blitt bokbada i Grimstad eller i Berlin.

I takt med at litteraturkritikken har fått mindre plass og mista noko av sin autoritet, har det vakse fram andre kriterium for kva som gjer ei bok vellukka i auga til ein lesar. Ein blurb her, ein bloggar der. Ein bokhandlar som har blitt kurtisert av eit forlag her, ein god marknadsstrategi frå eit anna forlag der.

Litteratur som trivst på scena

Derfor er det ikkje så rart at bokmessa i Frankfurt har blitt så viktig og stor i den norske, litterære allmenta. Og den store satsinga er ein siger for alle dei mektige stemmene i bokbransjen. For dette er blitt ei feiring av litteratur som trivst på ei scene, av bøker som er ferdigsnakka under flomlyset.

Det treng vi, like mykje som vi treng dei bøkene og forfattarane som ikkje blir feira. Den norske litterære floraen er for stor og mangfaldig til å bli definert av salspotensialet på ei internasjonal bokmesse.

LEST DENNE? Robert W. Lee fikk sparken som pastor da han tok et oppgjør med sin rasistiske forfader

Uviktig bokmesse

For det er ikkje for å betre kvaliteten på norsk litteratur at vi spyttar inn 51 millionar i bokmessa i Frankfurt. Det er for å styrke bestseljarane, samtidig som ein håper det skal drype litt ned på mellomsjiktet av forfattarar.

Men for det store fleirtalet av omsette forfattarar er det småpengar å bli selt til utlandet. Breidda i norsk litteratur blir halden ved like gjennom innkjøpsordninga og stipend til forfattarane. Å jakte på ein ny Jo Nesbø eller ei ny Maja Lunde er ikkje oppgåva som norsk litteraturpolitikk skal vere oppteken av.

Når bransjen er ferdig med å danse rundt gullkalven i Frankfurt, vender dei tilbake til ein røynd der det framleis er viktigare at forlaga jobbar tett med forfattarane, at bibliotekarane kvar dag står og formidlar litteratur, og at forfattaren har økonomi til å skrive bøkene vi skal lese.

LES OGSÅ: Nobels litteraturpris går ikkje til gode menneske. Han går til gode forfattarar.

Les mer om mer disse temaene:

Lars Petter Sveen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker