Bøker

Barn av vår tid

I litteraturen var diskusjonen i gong lenge før Erna Solbergs nyttårstale.

Statsministeren overraska mange med å seie at Noreg treng fleire barn. Ho følgde opp med: «Jeg tror ikke jeg trenger å forklare hvordan dette gjøres. Jeg skal heller ikke komme med noen pålegg.»

I Vårt Land skreiv Ane Bamle Tjellaug denne veka om kor ­ubehageleg ho opplevde Solbergs oppfordring: «Det er ikke tvil om hva samfunnet forventer. Er du i 30-åra og i et stabilt parforhold, skal det komme barn. (...) Men hva hvis dere ikke vil ha barn? Hva hvis dere aldri lykkes selv om dere gjerne vil?»

I litteraturen var diskusjonen i gong lenge før statsministerens tale. Sist haust kom det ut fleire bøker som vart kalla fødsel- eller barsellitteratur. Temaet dei utforskar er interessant: Kva vil det seie å få barn? Kva gjer det med oss å bli foreldre?

Kristin Storrustens diktsamling Barsel (2017) opnar slik:

«Det finnes ikke dikt om kolikk

Det er fordi hvert eneste av de diktene ville vært sånn

AAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAA (...).»

Og allereie i 2009 kom Cathrine Grøndahl med diktsamlinga Jeg satte mitt håp til verden. Lenger tilbake i tid er det muleg å gå. Seinare i år kjem Aina Villanger med diktsamlinga Nattnød, som handlar om kva som skjer i møte med noko så rått og nytt og nådelaust som det eit spedbarn er. I denne utgåva av Bøker melder vi Patrik Hagmans bok Alt det vakre. Å leve etter døden, som handlar om korleis leve med sorga over å miste eit barn.

Det er ei verdsomvelting å få barn. Og det kan vere ei verdsomvelting å ikkje kunne få barn, eller å velje det bort. Fleire av desse bøkene verkar å ha vekse ut av den ­omkalfatringa det er å bli ansvarleg for eit nytt liv. Når statsministeren oppfordrar oss til å få fleire barn, viser det at bøker med ein slik tematikk ikkje treng å vere sjølvopptatte eller innovervende. Dei handlar om samfunnet vårt fordi det private er politisk, slik kvinnerørsla sa allereie på 70-talet.

Om ei veke eller to er truleg barnedebatten som vart framprovosert av Erna Solbergs nyttårstale, over. Da kjem det nye politiske utsegn vi vil reagere på, og slik går dagane i debattar som består av reaksjon på reaksjon på reaksjon.

Litteraturens oppgåve er ikkje reaksjon, men refleksjon. Når debatten bles over i nyheitsmedia, held den fram i skjønnlitteraturen. Den går kanskje langsamare og lagar mindre støy – nettopp fordi litteraturen på sitt beste bringar inn tvisyn og dilemma på ein måte som verkar nærast umogleg i hurtigmedia. Det gir færre saftige utspel å slå opp på fronten av ei nettavis – men det gir meir varig refleksjon over problem vi aldri vil bli ferdige med, nettopp fordi dei er uløyselege.

Vi kan allereie lese avtrykka i litteraturen om korleis det er å få barn i Noreg i dag. Litteratur tek tid, men det betyr ikkje at den er ute av tida.

Les mer om mer disse temaene:

Lars Petter Sveen

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker