Bøker

Famlande roman frå Per Petterson

Den sterke forteljarstemma vaklar i romanen Jeg nekter.

Få norske forfattarar er i stand til å fortelje som Per Petterson. Bøkene hans er prega av enkelt kvardagsliv, eksistensielle utfordringar og ei form for sympatisk «noir›. Ikkje rart at amerikanarane elskar han nesten like mykje som oss.

Etter høgdepunktet i forfattarskapen, romanen Ut og stjæle hester, vendte Petterson attende til romanpersonen Arvid i neste bok, Jeg forbanner tidens elv. Arvid har på sett og vis vore navet i Pettersons romanunivers, men ved utgivinga av denne boka antyda eg at Petterson snart burde gå vidare med eit anna persongalleri.

Det gjer han med Jeg nekter. Derimot er det overraskande å sjå at Petterson denne gongen ikkje klarer å dyrke fram den sterke forteljarstemma som har gått igjen i bok etter bok. I staden verkar han usikker, som om han nettopp har bevegd seg ut i ukjent terreng.

Mange hopp. I Jeg nekter har Petterson vald å hoppe att og fram mellom fleire forteljarar, og han opererer nokre kapittel med førstepersonsforteljar og andre kapittel med tredjeperson. Dei to hovudpersonane heiter Jim og Tommy, og boka utfaldar seg frå eit kort møte på ei bru der Jim står og fiskar. Då har dei ikkje sett kvarandre på over tretti år.

Forfattaren hoppar ikkje berre mellom Jims og Tommys perspektiv, han hoppar også mellom tider. Frå møtet på brua går vi attende i tid, til 1960-talet, då Jim og Tommy var bestevener. Kvifor er det slik at personar vi hadde heilt innpå oss, mange år seinare kan vere nesten heilt ute av livet vårt?

Som vanleg får Petterson fram ein sterk humanistisk tone i forteljinga si. Han er også tettare på religiøsitet enn han har vore tidlegare, med fleire passasjar som tek for seg Jesus og kristen tru. Kanskje er det passande at ei sjømannskyrkje i utlandet blir viktig på eit visst punkt i boka?

Hjarteskjerande. Det er lett å sympatisere med personane Petterson teiknar opp for oss. Jim veks opp med det som skal vise seg å vere ein mørk skugge i sjela, Tommy blir banka til blods av sin eigen far. Scenene der barnemishandlinga blir tydeleg, er hjarteskjerande. Noko er alvorleg gale når ein tretten år gammal gut må forsvare seg mot den valdelege faren sin med balltre.

Jim og Tommy er også i ein lagnadsfellesskap på den måten at dei begge veks opp i heimar utan både mor og far. Jim får først vite kven faren hans er når den kristne mora hans ligg på dødsleiet. Mens Tommys mor rømte frå mann og fire barn for å berge sitt eige liv, eit val som skaper eit sterkt trykk gjennom store deler av boka. Etter episoden med balltreet, forsvinn også faren til Tommy, og dei fire søskena blir splitta opp i tre forskjellige heimar. Siri, den to år yngre søstera til Tommy, er ei av forteljarstemmene i boka.

Haltar. Det er likevel venskapen mellom Tommy og Jim det først og fremst dreier seg om i Jeg nekter. Og dessverre er det her romanen haltar. For Petterson etablerer ikkje denne venskapen grundig nok. Nøkkelepisoden for å forstå endringa i forholdet mellom dei, ei tilsynelatande krise på skøyteisen, blir ikkje truverdig. I alle fall kjem vi ikkje grundig nok inn i enkeltpersonane til å forstå. Dei stadige perspektivskifta sørgjer for det motsette av større innsikt og fordjuping.

Eit anna problem er at Petterson ladar setningar og situasjonar litt for mykje denne gongen. Sjølv om han ofte tek utgangspunkt i nokså dramatiske ytre handlingar, brukar forfattaren å vere flink til å halde att. I Jeg nekter ser eg fleire innslag av patos enn eg har sett i dei tidlegare bøkene hans.

Pettersons språk er det derimot ikkje noko å seie på. Dei sobre formuleringane går side og om side med dei munnlege, alt kledd i eit forsiktig radikalt bokmål. «Hun trudde ikke på juling, hun ville ikke tukte sin sønn» er eit typisk døme, ei skildring av Jims mor.

Nektar døden. Kva så med tittelen? Pettersons Jeg nekter gir visse assosiasjonar til Émile Zolas berømte brev Jeg anklager (på fransk er det Je refuse og J'accuse), utan samanlikning elles. Men slik Zola på si tid var naturalismens kjempe i Europa, er Petterson ein av dei største skandinaviske naturalistane i dag. Pettersons moderne naturalisme går ikkje like djupt i grøftene, men bringer oss dei rå sidene ved menneskelivet på ein neddempa og nærmast kvardagsleg måte.

Det som blir nekta i romanen, er kanskje mange ting, men ein av dei er død. Dette finn vi att ei sentral scene i boka, der Tommys «fosterfar» Jonsen har fått vite at han skal døy. Tommy på si side meiner at det må gå an å nekte. Ja, klart at ein kan nekte døden.

Slik Tommy meiner Jonsen kan nekte å bli eit offer for naturens gang, er det fleire personar i boka som nektar å la livet herse med dei som det vil. Tommys mor, ikkje minst, men der vart offeret i overkant stort.

Eg nektar ikkje for at det er mange interessante sider ved Pettersons nye roman. Men hovudinntrykket mitt er at han vil for mykje utan å finne posisjonen å fortelje det frå. Slik sett er Jeg nekter blitt ei famlande bok, trass den bastante tittelen.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker