Kultur

Bladde i julehefta med andakt og nyvaska hender

Foreldra til Herborg Kråkevik hadde samla heftet Julerosa heilt tilbake til førre århundreskifte.

Herborg Kråkevik, du er bladstyrar for Juleroser, eit nytt julehefte som er trykt opp i 40 000 eksemplar. Kva er tanken bak utgjevinga?

– Eg vil blåse liv i ein gamal tradisjon, som eg trur har noko for seg framleis. Det vert spanande å sjå korleis det vert motteke, men sel vi halvparten, er det storarta. Eg er imponert over Egmont og Samlaget som vågar å satse stort på ei dyr utgjeving. Dei gamle julehefta eg vaks opp med var skikkeleg fine og forseggjorde, og slik måtte dette også verte – i stort format og med tre kunsttrykk du kan ta ut og henge på veggen.

– Samlaget skriv at du er oppvaksen med dette, men originalen – Julerosa – kom ut for siste gong i 1944 ...?

– Forklaringa er at foreldra mine hadde samla mange av desse hefta, heilt tilbake til førre århundreskifte. Når det nærma seg jul, kom dei fram og i barndomen min fekk eg lov å bla i dei – med andakt og nyvaska hender. Vi brukte òg tekstane til høgtlesing. Her møtte eg litterære skattar og las juleforteljingar av Ibsen, Bjørnson og andre store namn. Ei av forteljingane til Selma Lagerløf er òg med i det nye heftet. Men hovedvekta er på vår tids forfattarar, som Agnes Ravatn, Ruth Lillegraven og Karl Ove Knausgård.

LES OGSÅ: Herborg Kråkeviks Juleroser rives bort

Ta vare på tradisjonane

– Kva er din viktigaste juleskikk?

– Det er viktig å ta vare på dei tradisjonane som hegnar om høgtida. Eg likar godt å gå rundt juletreet. Sosialt er det ganske spesielt at vi går rundt eit tre, held kvarandre i hendene og syng ­saman. Her kjem Agnes ­Ravatn inn med eit heilt anna syn på dette fenomenet i sin juletekst.

– Kva tenkjer du om den årlege debatten kring julegudstenestene?

– Eg er uforståande til problematiseringa. For meg er det klin­kande klart at det er ein samlande tradisjon i vår kultur å gå på julegudsteneste. At foreldre skal gi tillating til at borna deira kan få gå rundt juletreet på ­skulen, er eit problem vi ikkje har bruk for.

LES OGSÅ: I sine stormaktsdager var juleheftene en langstrakt, godviljens hånd inn i de tusen julehjem

Fjella er heilage

Kva har overraska deg mest sist veke?

– At eg har nådd alt det eg skulle gjere! (red anm.: prøvar på Glade enke, 7 konsertar med Filharmonien og to konsertar i Førde).

Kva ynskjer du meir av i norsk politikk?

– At politikarane tør å seie kva dei innerst inne meiner – og at media ikkje forflatar det.

Kva er heilagt for deg?

Naturen, og særleg fjella.

Les mer om mer disse temaene:

Lars O. Flydal

Lars O. Flydal

Lars O. Flydal har i mange år vært journalist og fotograf i Vårt Land, og har dekket både kultur- og kirkeliv.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur