Kultur

Bitter strid rundt jødiske museum

Direktørane i Berlin og i Warzawa er i hardt vær. – Illustrerer kor vanskeleg det er for musea å ytra seg, seier Jødisk Museum i Oslo

Direktøren ved det jødiske museet i Berlin går av etter massiv kritikk etter støttemelding av Israel-boikott.

I Polen er det dei polske styres maktene som ikkje vil at direktøren for Polin–museet skal fortsetta, etter at museet har vist fram polakkar si rolle under Holocaust.

– Hendingane kan ikkje samanliknast, men begge illustrerer kor vanskeleg det er for jødiske museum å ytra seg, seier fagleg leiar ved Jødisk Museum i Oslo, Mats Tangenstuen.

Omstridt historie

Polin- museet i Warszawa har ved fleire høve hatt eit innvikla forhold til polske styresmakter. Dei høgreorienterte styresmaktene har vore særs lite nøgd med korleis museet har framstilt polakkane under andre verdskrig.

Eit utval stemde i mai for at Dariusz Stola skulle fortsetta i stillinga som direktør, men kulturdepartementet i Polen har ikkje vist seg villige til å akseptera vedtaket. Association of Jewish Museums in Europe (AEJM) skriv i ein offisiell uttale at dei ikkje kan forstå kvifor vedtaket let venta på seg.

Fagleg leiar ved Jødisk Museum i Oslo meiner styresmaktene ønsker å få kontroll over museet.

– Dei er ikkje glad i å sjå at også polakkane kunne vere overgriparar. Det ser ut som dei ønsker ein ny direktør som ikkje vil ha fram enkelte polakkar si rolle under andre verdskrig, seier Mats Tangenstuen.

Polin–museet i Warszawa er blitt kåra til fleire prisar og blitt eit av dei viktigaste jødiske musea i verda. Jødiske donorar, deriblant frå USA, held no igjen pengestøtte for å sjå kva som blir framtida for museet.

– Det verste som kan skje er at polske styresmakter får inn ein trådstyrt museumsdirektør. Dette er rot til enorm bekymring, fortel Tangenstuen.

LES OGSÅ: Holocaustbenektelse er ikke et «syn» på linje med andre «overbevisninger»

Berlin

I Berlin har det jødiske museet også hatt positive omtalar og besøkstal til utstillingane deira. Etter kritikk frå mange kantar blei Peter Schäfer likevel nøydd til å gå av som direktør.

Ifølge The Economist skal det ha vore særs vanskeleg for direktøren å sjonglera interessene og synspunkta som blant anna tyske styresmakter, styresmakter i Israel, jødiske lærde og tysk allmente har hatt overfor museet. Ifølge NTB var dråpen som fekk begeret til å flyta over då Twitter–kontoen til museet anbefalte ei lenke som kritiserte tyske folkevalde for å ha stempla Israel- boikott som antisemittisk.

Leiar for Det jødiske råd i Tyskland uttala blant anna at han var usikker på om museet framleis kunne kalla seg sjølv for jødiske etter hendinga. Oppstyret enda med at direktøren gjekk av etter fri vilje.

Direktør for Jødisk Museum i Oslo, Torill Torp-Holte ser at tidlegare meddirektør i Berlin har gått inn i eit omstridd felt, utan at ho ønsker å kritisera dømmekrafta hans.

– Stillinga han er i, gjer han nøydd til å trø ekstra varsamt, seier ho.

Torp-Holte nemner det at direktøren i Berlin gjekk av etter fri vilje, medan situasjonen i Polen er annleis.

– Her er styresmakter inne og forsøker å styra innhaldet til museet. Det uroar meg, seier ho

LES OGSÅ: «Stiller spørsmål» ved Holocaust i romfolkmagasin

Større ytringsrom

Torp- Holte viser til uttalingar frå AEJM. Dei skriv at museum burde vera «trygge stader for utrygge idear» og ikkje vera gjenstand for forventingar som ulike publikum, organisasjonar og styresmakter har overfor dei.

Fagleg leiar Mats Tangenstuen meiner diskusjonen omkring andre verdskrig og skyldspørsmål i Noreg ikkje kan målast mot den ute i Europa. Generelt sett burde ytringsrommet for dei jødiske musea ha vore langt vidare.

– Me er eit museum for storsamfunnet som formidlar om ein sårbar minoritet som nesten ikkje eksisterer lenger, fortel Tangenstuen.

Les mer om mer disse temaene:

Jo Arne Hansen Marvik

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur