Anmeldelser

Sprek helgenkåring

Bill Murray lukkast godt som gretten og sur gammal gubbe i St. Vincent. Og brått dukka også glorien opp.

Korleis hadde filmverda sett ut utan Bill Murray? Iallfall hadde ho vore ein smule fattigare. Murray har rett nok ikkje alltid vore med i dei største produksjonane, sjølv om han gjorde det stort med Ghostbusters på 1980-talet. Sofia Coppolas Lost in Translation (2003) blei ein ny suksess, men Murray har kanskje først og fremst vore sentral i ei rekke mindre og kunstnariske filmar. Dei seinaste ti, femten åra har han ikkje minst hatt eit fruktbart samarbeid med regissøren Wes Anderson, som i The Royal Tennenbaums (2001) og Livet under vann med Steve Zissou (2004).

I dramakomedien St. Vincent spelar Murray ei rolle som grensar opp imot klisjeen – den gretne, gamle gubben som er litt for hard på flaska og litt for ivrig på veddeløpsbanen. I tillegg har han sett seg i gjeld til fyrar ein helst ikkje bør legge seg ut med. Klisjeen blir ikkje mindre av at Vincent, som han heiter, mjuknar opp i møtet med den nye naboen, den unge guten Oliver (Jaeden Lieberher)

Lastefull mann

Når filmen likevel funkar ganske så bra, har det ikkje minst med Murrays skode­spel å gjere. Det eminente underspelet som han er så kjent for, er ikkje så framtredande denne gongen, men 64-åringen lukkast i å gjere oss glad i rollefiguren sin. Vincent er ein mann med mange lastar, men har sitt å stri med.

Ein del tøffe utfordringar har også Oliver, ikkje berre det at foreldre hans nettopp er skilt. På den nye skulen – ein katolsk skule i Brooklyn – finst det dessverre også nokre plageånder som gjer livet surt for han. Snart skal det vise seg at nettopp Vincent er mannen som hjelper Oliver å stå opp imot mobbarane og sette seg i respekt.

Kristent tankegods

Hemn er det likevel lite av i denne filmen. Snarare motsett, for eit element av kristent tankegods gjer seg meir og meir gjeldande i denne rufsete forteljinga. På skulen får Oliver­ i oppdrag å vere på jakt etter helgenar i kvardagen, folk som er forplikta overfor andre menneske og gjer verda til ein betre stad å vere. Når Oliver klarer å trenge bak Vincents fasade, lærer han det han hadde ein mistanke om heile vegen – eit menneske er meir enn det du ser. Då kan vi også synge freidig med på avslutningslåten, Bob Dylans «Shelter from the Storm».

Følg oss på Facebook og Twitter!

Brestar og lys

Helgenkåringa­ i filmen må seiast å vere av den spreke sorten, sjølv om Vincent ber sin nyvunne glorie med ein god porsjon humor. I tillegg kan nok filmen framstå som i overkant sentimental. Det hindrar ikkje St. Vincent i å vere ein flott liten film i tradisjonen etter Leonard Cohens klassiske sitat: «There is a crack in every­thing. That's how the light gets in.» Gjennom Vincents mange brestar får vi sjå lyset.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Anmeldelser