Bøker

Fluktliner eller runddans?

Med sin første roman inntar Emely Benedicte Kahrs ein plass mellom Vigdis Hjorth og Marit Eikemo i det litterære landskapet.

Ein morgon seier Signe at ho har bestemt seg. Ho vil konfirmere seg i kyrkja. «Er du kristen da?» spør Nelly, mor hennar. «Ja», svarer dottera. I romanen med den merkelege tittelen Galopp for den svarte hesten følgjer vi dei to gjennom heile konfirmasjonstida. Fotografen Nelly skildrar denne tida, førebuingstida altså, med eigenarta synsvinkel og fokus. Det handlar lite om Signe i seg sjølv og langt meir om mora sitt ønske om å kome til rettes med eige liv, finne ut kven ho sjølv er ved å spegle seg i tenåringsdottera. Men Nelly er vel vaksen? Ho er tjuefem år eldre enn dottera, ja. Men elles er det eit godt spørsmål. For kva er det å vere vaksen i vår tid? Når blir vi eller skulle vi ha blitt vaksne?

LES OGSÅ: Vi spurte seks debutanter: Hva ønsker du å få til med skrivingen din?

Kjøper hest

Nelly og sambuaren Lars gjer i denne tida halvhjerta forsøk på å pusse opp badet, som for å reparere på det skrantande forholdet dei imellom. Etter kvart kjem også kollegaen Petter til å spele ei sentral rolle i Nellys liv. Men det som verkeleg får romanen til å skine, er ikkje desse mennene, men skildringa av forholdet mellom mor og dotter, mellom Nelly og Signe. Nelly er sikker på at Signe var akkurat som ho var på den alderen. Derfor kjøper ho, heilt overraskande for alle, hesten Svarten til Signe. Nelly har nemleg har alltid sjølv ønska seg ein slik hest og ho betaler med pengar dei har sett av til oppussingsprosjektet.

Sterke kjensler

Signe er ein svært gjenkjenneleg tenåring der ho trippar rundt i ei tid som ofte blir omtalt som då ein tek steget inn i vaksenverda: Etterkvart veit ho ikkje heilt om ho er kristen eller berre var forelska, ho skjøner seg ikkje på pengar, og vil ei stund ha ein bunad, men ikkje ein slik som mora og slekta har. Men alle desse tydelege standpunkta kan endre seg brått og uventa.

Det gjer dei sanneleg også for Nelly. Ho er frilans og ønsker stadig å kome vekk eller vidare i livet. Heile livet har ho drøymt om å reise til Island – ho har berre ikkje kome så langt enno. Ho saknar stadig sin gamle hest som det er bilde av over oppvaskbenken og ho drøymer om andre menn. Nelly er usikker på seg sjølv og irriterer til overmål alle ved å fotografere og filme med mobilen i utide. Å ri på Svarten til dels i stor fart og dei seksuelle sidespranga med kollegaen Petter framstår som forsøk på å flykte frå eit liv ho opplever som stagnert. Kjenslene peiker i ulike retningar. Lesaren blir etter kvart i tvil om kor sterk viljen til å kome seg vekk er, og om Nelly har mot til å ta dei avgjerande skritta.

Speglar kvarandre

Nelly trur ho kan kjenne seg igjen i den femtenårige dottera si. I samtale med si eiga mormor på konfirmasjonsdagen kan ho derfor gripe seg i å ønske at alt skulle vere som då ho sjølv vart konfirmert: «Tjuefem år siden, jeg vil være femten.» Mor og dotter speglar kvarandre, med tjuefem års tidsforskyving. Er Nelly i stand til å velje mellom det bestandige og trygge og draumen om å kome vekk? Slik det er no, set Inger Hagerups dikt ord på kva ho blir dratt i mellom: «To tunger har mitt hjerte / to viljer har mitt sinn. / Jeg elsker deg bestandig, /og jeg blir aldri din.»

Kva betyr tittelen Galopp for den svarte hesten? Hestar galopperer, det er greitt nok. Men korleis galoppere for ein hest? Hestar kan galoppere for å kome seg vekk, men også, og det er vel meir vanleg, for å bli vist fram og vinne på ein trav- eller nettopp galoppbane. Mens hestane spring i ring, kan dei som vil delta i pengegaloppen ved å vedde på kven som kjem først. Men galopp er faktisk ikkje berre eit ord for det hestar gjer. Det er også ein dans som ein gong var moderne, men no er utdatert, faktisk ein livleg runddans.

Stor smerte

Kva er det Nelly førebur seg til i dotteras konfirmasjonstid? Å kome til rette med sitt eige liv, trur eg. For den inngåande skildringa av den førtiårige Nelly er også ein skarp samtidsdiagnose. Les vi sakte det som står på linene, merker vi også ein stor smerte mellom og under orda. I ei slik inngåande skildring av livet ligg det alltid ei religiøs tyding nær. Den siste strofa av Inger Hagerups dikt er ingress for romanen: «To tunger har mitt hjerte / hør på det likevel. / Bli hos meg og gå fra meg /og frels meg fra meg selv.» Kven kan frelse oss frå oss sjølve? Også det er eit godt spørsmål.

Dette er faktisk Emely Benedicte Kahrs sin første roman. Eg håper verkeleg ikkje at det blir den siste. Ho er allereie ein plass mellom Vigdis Hjorth og Marit Eikemo i det litterære landskapet. Som dei skriv ho nødvendig skjønnlitteratur om kva det er å vere menneske, akkurat no.

Les mer om mer disse temaene:

Rolv Nøtvik Jakobsen

Rolv Nøtvik Jakobsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker