Film

Den bortkomne dottera

Den tysken spelefilmen Min pappa Toni Erdmann er eit originalt, vittig og djupt rørande portrett av ein far som elskar dotter si. Ein av dei beste filmane på kino i år.

I Bibelen kan vi lese likninga om den bortkomne sonen, som drog bort frå heimstaden og sette arven sin over styr. Når sonen omsider kjem heim, nedbroten og utsliten, blir han møtt av den varme kjærleiken til faren – og denne er berre sterkare enn nokon gong.

I den tyske dramakomedien Min pappa Toni Erdmann er det ei dotter som har dratt heimanfrå. Ines (Sandra Hüller) har flytta frå Tyskland til den rumenske hovudstaden Bucuresti, der ho jobbar for eit stort konsulentselskap. Ho er ein liten tur heimom for å konstatere at alt går berre bra – og det tek ikkje lange stunda før vi aner at ho slett ikkje har det så bra som påstått. Ines gjer ikkje som den bortkomne sonen i den bibelske likninga og set arven over styr, men ho har openbert mista noko av si eiga sjel.

Kynisk miljø

Faren hennar, Winfried, har nok den same aninga. Han reiser nemleg til Bucuresti for å besøke dotter si, og her hamnar han midt i ei framand verd av kynisme og rå forretningsstrategiar. Vi forstår at Winfried blir særs bekymra over glimtet han får inn i Ines' nye verd. Hans eigen strategi er likevel langt utanfor normalen – han tek på seg laustenner og parykk og blander seg inn i Ines' jobbkvardag som forretningsmannen og coachen Toni Erdmann. Det er både pinleg, dumt, genialt og rørande. Dette er ein far som er villig til å gjere alt for å nå inn til den bortkomne dotter si.

LES OGSÅ: Julehefte tilbake til røttene

God blanding

Regissør Maren Ades film, som mange meiner burde ha vunne gullpalmen i Cannes, er ei nokså pussig blanding av komiske, nesten hysteriske, situasjonar og djupt, nesten tragisk, alvor. Sandra Hüller overtyder med sitt neddempa skodespel, der Ines' kalde steinansikt røper at den unge kvinna har mista gleda i livet sitt, kanskje også si eiga sjølvkjensle. Som sjefen til Ines seier til henne på eit punkt i filmen: «Ines, du er eit dyr!»

På den andre sida surrar Winfried/Toni Erdmann rundt med laustenner, parykk og underlege vitsar. Han kan tidvis minne om ein forskrudd «stalker», som når han har gøymt seg i Ines' klesskap og skremmer vettet av henne. Måten han infiltrerer jobbmiljøet til dotter si, kan også seiast å vere under ein kvar kritikk. Men truleg er det berre metodar på grensa av det akseptable som om mogleg kan bryte det harde skalet Ines har lukka seg inne i. Skodespelet til Peter Simonischek er både slentrande og presist, som ei diktsamling av Nils-Øivind Haagensen.

SE VIDEO: Dette må være tidenes innsats på «Et barn er født i Betlehem»

Glitrande

Min pappa Toni Erdmann er eit glitrande eksistensielt drama med både alvor, latter og store djup. I botnen av historia kviler den sterke farskjærleiken som rører på så mange plan. At Winfried har ganske så originale måtar å vise denne kjærleiken på, er med på å gjere denne filmen ei oppleving du seint vil gløyme.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Film