Anmeldelser

Å kjenne et menneske

Tone Hødnebø med ny diktsamling etter åtte år er ei ­storhending i norsk lyrikk: Lærde og utfordrande dikt, ofte i språk henta frå realvitskap, som tvingar lesaren til å sjå stadig nye samanhengar og stilla spørsmål ved etablerte posisjonar.

Anmeldt av Knut Ødegård, kultur@vl.no

Mykje snø har falle på jorda og mykje vatn i havet sidan Molière skreiv om sine komiske «lærde­ damer». Heldigvis går noko framover i verda, iallfall skal det i dag vera vanskeleg å driva gjøn med det faktum at det no er fleire kvinnelege enn mannlege studentar, og at vi har ei lang rad kvinner blant dei fremste i akademia og i avansert forsking.

Poeta doctus

Eg vart minna om dette under lesinga av Tone Hødnebøs diktsamling Nytte og utførte gjerninger (sitat frå Francis Bacon). Ikkje berre er ho sjølv ein poeta doctus som hentar inn språk og motiv frå vitskap i dikta, ho har òg ei lang rekkje tilvisingar til framståande kvinnelege forskarar. På side 31 i boka finst ei liste over nokre av desse,­ frå pytagorearen Teano til Rosalind Franklin.

Ei av desse, matematikaren Emmy Noether, er motiv i eit av dei sterkaste dikta i samlinga:­ «Noethers setning». I diktet får vi ei blanding av leksikal kunnskap med poeten Hødnebøs språklege tukt og medvit om korleis språk og maktstrukturar høyrer saman. Ho «baksnakket makten»: Vi les om Emmys siste vitjing hjå broren Fritz i Tyskland 1934 der dei:

benyttet anledningen til å snakke­ fort og høyt / i en av­lyttet bil om: Ideal, Fører, Gruppe,­ og Undergruppe,/ ­substantiv med både matematisk og politisk ­betydning,/ det var et under at de ikke ble ­arrestert.

Ho døydde under mystiske tilhøve i 1935 og – heiter det i Hødnebøs dikt:

Mye av arbeidet hennes forsvant inn i andres arbeider, / til slutt fikk hun et krater på ­månen oppkalt etter seg.

Sant og usant?

Det er åtte år sidan Tone Hødnebø sist gav ut eigne dikt. Ho har brukt desse åra til å reinsa endå meir si særeigne røyst i moderne norsk poesi:­ Det er dikt til å skjerpa seg på, det er ikkje primært kjensledikt (sjølv om dei er der, kjenslene òg) men først og fremst dikt som skapar større medvit om makt og om språket sjølv som maktfaktor og maktstyrar. Eit særeige Hødnebø-grep er bruken av ord og motiv frå andre språk- og utforskingsområde enn dei poesien tradisjonelt har orientert seg ut frå og inn mot.

Kva er sant og kva er usant av det vi ser og høyrer? Kva er ekte og kva er falske minne? Kva er varig og kva er flyktig? Kva er tid: Fortid, notid og framtid? Det er slike og liknande spørsmål ein vert tvungen til å stilla seg gjennom lesinga. Mange dikt er aforistiske eller med aforistiske innslag, andre i form av det ho kallar inversjonar som på side 48 og 49 i boka. Her finn vi underfundige og treffiskre formuleringar som at Pengene er verdt akkurat det jeg tror de er verdt og at Verdens vekt i hvete er lik verdens vekt i gull.

Stilsikkert

Tone Hødnebø skriv eit uvanleg godt og stilsikkert riksmål, med sans for dei fine valørane i språket. Samlinga er gjennomkomponert etter ein metode som kan minna om den kontrapunktiske og polyfone i musikken: Dei ulike tema, bilete og formuleringar kjem att i nye variantar og vert innførde i kvarandre på ein måte som gjer at lesaren stadig ser nye samanhengar og får vekt opp gløymde og halvgløymde syn og innsyn.

LES MER: Aldri har så mange fått forfatterbesøk

Lynet og hagen

Når eg har lagt så stor vekt på at samlinga er ein lærd poets verk, skal det leggjast til at her òg finst bilete av lysande vakker klårleik. Som son av ein birøktar stussa eg først på opningsdiktet der det står at Hagen­ er bekmørk,/ biene surrer og surrer seg bort. Det er ikkje biers vane å surra rundt i bekmørkret. Men så kjem ein ny variant, no med humlar som suser omkring i den mørke hagen: Etter­ torden endrer naturen seg,/ hagen er bekmørk.

Dette torevêr med lyn går att i komposisjonen og gjev stadig nye opplysingspunkt – og rørsler: Det er eit poeng i desse dikta at «Tordenværet slår også opp­over». Sjølv er eg ikkje i stand til å lesa dikt om hagen som scene for opplysning utan at T.S. Eliot dukkar fram med sine ekko av sivilisasjonsrestar, røyster (Four Quartets).

LES MER: I en svart kirke i USA rakte soulsangeren Jarle Bernhoft-Sjødin hendene i været og sang

Maktstrukturar

Hødnebø er ein poet som sporar opp maktstrukturar, i språket først og fremst, og gjev sjeldan eller aldri lettvinte svar eller roande ord til å sova på. Det er ein leik i språket som alltid er forbunde med eit djupt ansvarleg alvor. På sitt enklaste skriv ho det slik, og eg les ei von her, trass i alt:

Å kjenne et menneske hele livet

kan være en målestokk for verden,

og jeg vet ikke engang hva du drømmer.

Det besværlige må knytes opp

for å snu verden inn mot ­verden.

Jeg leter etter en setning

mens blomstene gror og ­visner igjen

i takt med årstidene

akkurat som et broderi.

Bladene folder seg ut, ­klorofyllet spres,

treet blir grønnere.

Biene surrer og surrer i ­hagen

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Anmeldelser