Anmeldelser

Bibelen for vår tid

Den nye nynorskbibelen har alt som skal til for å bli folkelesnad. Omsettinga gjer nedslag midt i språket.

Det finst stunder då ein bokmeldar skal innsjå sine avgrensingar. Slik er det i alle fall no, her eg sit med ein open Bibel 2011 framføre meg. Å skulle melde Guds Ord, ein heilag tekst for så mange, må vere toppen av overmot i denne verda. Attpåtil på sperrefrist. Trass dette skal eg prøve å formidle nokre inntrykk eg har fått ved møtet med den nyomsette bibelteksten på nynorsk.

Kort om mi eigen bibelbakgrunn: Eg vaks opp med 1978/85-utgåva på nynorsk, som eg fekk eg då eg var sju år. I tillegg har eg den nynorske utgåva (1994) av Norsk Bibels 1988-omsetting og farfars gamle «fyrebilsbibel» frå 1921.

Det er altså berre 90 år sidan heile Bibelen kom på nynorsk første gongen. Fyrebilsbibelen, som vart gjeven ut av Studentmållaget i Oslos bibelnemnd, fekk stor innverknad på den vidare utviklinga av nynorsken. Ikkje minst på grunn av Alexander Seippels kraftfulle og klangrike språk, som også var svært folkeleg.

Bibelselskapet sikra seg rettane til denne nynorskversjonen og gav ut ei revidert utgåve i 1938. Og då 1978-omsettinga kom, var det på bokmål og nynorsk samtidig. Det er naturleg også for Bibel 2011.

AVSTEMNING: Kommer du til å kjøpe den nye Bibelen?

Folkelesnad. Ei rekkje omsettarar, språkforskarar, teologar og forfattarar har vore inne i arbeidet med den nye nynorske bibelomsettinga sidan arbeidet tok til i 1999. Eg har undervegs tala med somme av dei; uhilda er eg såleis ikkje.

Engasjementet mitt i møte med den nye bibelteksten står like fullt på eigne bein. Denne omsettinga gjer nedslag midt i språket. Det er all grunn til å tru at Bibel 2011 blir folkelesnad også på nynorsk.

Det nye testamentet låg føre allereie i 2005. Eg skal difor ikkje bruke mykje tid på den delen her, sjølv om det er Det nye testamentet dei fleste norske bibellesarar har det sterkaste forholdet til. Tydelege visuelle grep er kapittelnummer og mellomtitlar i raudt, og ein tanke større skrift enn i 1978/85-utgåva. Det ser innbydande ut. At sitat frå Det gamle testamentet ligg i kursiv, er også hjelpsamt for meg som bibellesar. Eg får lyst både til å lese langt i ein strekk, og til å fordjupe meg i enkeltpassasjar og enkeltvers.

Nytt i 2011 er først og fremst Det gamle testamentet. Eg har ikkje lese den nye omsettinga frå første til siste side. Derimot har eg konsentrert meg om enkelte bøker: Første Mosebok, Første Samuelsbok, Job, Forkynnaren og Høgsongen. Rammene her gjev ikkje høve til å gå grundig inn i kvar bok. Noko kan eg likevel trekkje fram.

God nynorsk. Allereie i det tredje verset i Første Mosebok, skjer ei tydeleg språkleg markering. Det heiter ikkje lenger «Det verte ljos!» No heiter det i staden «Det skal bli lys!» Etter mi meining er det god og mykje brukt nynorsk. Slik den nye omsettinga også tillèt seg å bøye «bli – vart». Vers seks signaliserer også at omsettinga held fast på a-verba: «Han skal skilja vatn frå vatn.» A-verb er både enkle å forstå og samsvarer godt med det klassiske nynorskbibelske stilleiet. Derimot vel Bibel 2011 å bruke ordet «hos» i staden for «hjå». Det fell nok somme tungt for brystet. Kanskje også bruken av genitivs-s.

Ein del tunge ord er byta ut i 2011-omsettinga. Til dømes står det ofte «slekta» for «ætta», men dette er ikkje konsekvent. «Sånad og skurd» blir til «såtid og innhausting», «dølja» blir til «løyna» og «skjøkje» blir til «prostituert» eller «hore».

Klårare. Den nye Bibelen uttrykkjer seg som regel klårare enn 1978/85-omsettinga, sjølv om det av og til er motsett. Eit døme på det første er Josef og brørne hans som ikkje lenger «kom i godlag» i Egypt, dei «drakk seg fulle saman». Derimot var det betre då stormennene rosa Sarai fordi ho var ovfager. No lét dei vel om henne, eit mindre klårt uttrykk, rett nok fordi ho var vakker. Og Benjamin, bror til Josef, var truleg gladare då han i 1978/85-omsettinga fekk tre hundre sekel sølv og fem høgtidsbunader, enn når han no får sølvet og fem klesskift.

Utfordringane i Første Mosebok er elles dei same som på bokmål: Korleis skal ein omsette «adam» i skapingssoga? Ordet betyr som kjend menneske, mens ««isj» tyder mann og «isja» er kvinne. 2011-omsettinga har: «Ho skal kallast kvinne, for av mannen er ho teken.» Det er nøkternt og godt, og kjønnspolitisk betre enn det fyrebilsbibelen fleska til med: «Ho skal kallast kjerring, for ho er teki av ein kar.»

Ny bibeltekst. Første Samuelsbok er interessant på fleire måtar. Funnet av Qumran-skriftene gjev nokre heilt «nye» setningar i kapittel 10, om amonitten Nahasj som stakk ut det høgre auget på israelittane. I kapittel 13 har prisen på høygaflar og øks endra seg sidan førre omsetting, mens språket tek sats når det går frå «bannlyse» til å «slå med bann».

Det kjente «Herre, Allhærs Gud» er blitt til «Herre over hærskarane», eit uttrykk som ikkje kjennest like kraftfullt. Goliat som brukte å vere over ni fot høg, blir no målt til å vere seks alner og eit fingerspenn (det er same høgda).

Kjem vi til Job, kan vi snakke om markante endringar frå 1978/85-utgåva. Mest slåande er nok bruken av Klagaren som namn på ein av gudesønene, ikkje Satan. Det hebraiske ordet satan er i Job brukt som tittel, ikkje eigenamn, så omsettinga er rett og god. Men noko av spenninga i teksten blir borte når det ikkje er Gud og Satan som kjøpslår om Job.

Like fullt gler eg meg over andre val, som når sønene til Job brukte å «festa hos kvarandre», ikkje «halde gjestebod». Med slik direkte omsetting ser vi korleis bibelteksten på ny plasserer seg midt i samtida.

Meir kropp. Det har allereie vore skrive at den nye bibelomsettinga legg seg tettare opp mot dei kroppslege bileta i den hebraiske grunnteksten. Dette gjeld også i Job. Eit tydeleg døme er 1978/85-formuleringa «Eg vel den farefulle vegen, ja, set livet på spel» (Job 13,14). I Bibel 2011 heiter det i staden «Eg tygg på mitt eige kjøt, eg går med livet i hendene.» Den nye omsettinga vågar å vere nærmare originalbileta enn den meir meiningsforklarande (idiomatiske) 1978/85-omsettinga. Der Job før «blåste seg opp med tomt snakk», fyller han no «lungene med austavind». Og «Han audmjukar dei som talar hovmodig» er blitt til «Når det går nedover, skal du seia: Opp!»

Med fare for å vere hovmodig, kan eg peike på ein aldri så liten korrekturfeil akkurat her i Job. Leppene i 15,6 må skrivast med stor L.

Nye stjernebilete. Det vil føre for langt å komme inn på alle ord og uttrykk som er endra sidan 1978/85-omsettinga – sjølv mineralsortar og namn på stjernebilete! Elvehesten og krokodillen heiter Behemot og Leviatan, for kanskje er det snakk om heilt andre dyr enn det 1978/85-omsettinga slo fast. Døma viser oss iallfall at ein skal vere varsam med å tru at ein veit nøyaktig kva som står, om ein berre har lese sin eigen bibel på norsk.

Likevel er det langt ifrå jag etter vind å omsette dei gamle grunntekstane gong etter gong. I Bibel 2011-versjonen er det kjente uttrykket frå Forkynnaren blitt borte; i staden heiter det å «gjeta vinden». Når nostalgien over den gamle formuleringa er svunnen, opnar det seg eit heilt nytt og presist bilete. Å skulle halde styr på vinden må vere endå meir fåfengt enn å halde styr på ein vilter saueflokk.

Bibel 2011 er blitt presentert som ein hjartevenleg bibel. Dette stemmer, og ikkje minst i Forkynnaren. Her seier davidssonen stadig nye visdomsord i hjartet sitt. Han drikk ikkje lenger sin vin med godt mot, men med glede i hjartet. Og der han før sa: «Få sutene ut or din hug, og hald det vonde frå livet!» seier han no: «Få bort det som piner hjartet, og det som plagar kroppen!»

Alt er fåfengt. Elles er det meste fåfengt, som før. Men endå meir intenst enn i 1978/85, der alt var «ideleg fåfengd». No er det «fåfengt, seier Forkynnaren, fåfengt og forgjengeleg – alt er fåfengt!»

Derimot kjem verdien av jord meir til sin rett: «Framfor alt er jord ein god ting» (5,8) og «Visdom er jamgod med ervd jord» (7,11). Dette burde glede både bønder og andre. Så er ordet «jord» rett nok bytt ut med «støv» i den kjente formuleringa «av jord er alle komne».

Til slutt vil eg heilt kort nemne kor flott Høgsongen er blitt i ny omsetting og presentasjon. «Songen over songane» har både oppsett og intensitet som eit dramastykke – med poesien intakt! Kjærleiksspråket er gjort endå tydelegare enn i 1978/85-omsettinga, med «mi kjære» og «kjærasten min» i staden for «min ven», og «elskar» i staden for «leikar i min hug». Flatt blir språket likevel ikkje. Og gudsnamnet JHWH er komme inn i teksten, i uttrykket «HERRENS loge». Då får eg tole at det forsvinn eit par rådyrkalvar til fordel for gasellar.

Bibel 2011 er ein bibel for vår tid. Målet om å stå grunnteksten nær, synest å lukkast. Teksten er likevel god å lese, med lettfatteleg og slagkraftig nynorsk.

Den nye Bibelen bør få sin naturlege plass i kvar ein nynorskheim. Så står det att å sjå kor mykje han kjem til å farge språkbrukarane i åra som kjem.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Anmeldelser