Anmeldelser

Ran med halv sprengkraft

Tom Hanks ranar eit kasino til lyden av kyrkjemusikk. Men det er ei gudfryktig, gammal enke som er toneførande i brørne Coens The Ladykillers.

Joel og Ethan Coen er eit solid merkenamn innan filmbransjen, og saman har dei to brørne skapt glitrande filmar som Fargo, The Man Who Wasnt There og O Brother, Where Art Thou. Denne gongen har dei gitt seg i kast med ei attforteljing av den britiske komedien The Ladykillers frå 1955. Eg har ikkje sett den originale filmen, med Peter Sellers og Alec Guinness i hovudrollene, så slik sett er historia ny for meg. Men filmen har eit temmeleg velkjent tema, nemleg dei meir eller mindre inkompetente skurkane som skal gjere tidenes brekk.

Kyrkjemusikk.
Gjengens meisterhjerne, eller Egon Olsen, om du vil, er den etter alt å dømme falske sørstatsprofessoren G.H. Dorr, Ph.D (Tom Hanks). Han har ein forkjærleik for poesi generelt og Edgar Allen Poe spesielt, og er dessutan ein tungegymnasiast av dimensjonar. Med vakkert prat leier han seg inn hjå den gamle enka Mrs. Munson (Irma P. Hall), eit aktivt og trufast medlem i den lokale baptistkyrkja. Under dekkje av å dirigere eit ensemble som spelar kyrkjemusikk frå renessansen, går professor Dorr i gang med å grave ein underjordisk tunnel frå Mrs. Munsons potetkjellar til pengedepotet ved ein elvebåtkasino. Som hjelparar har han med seg eit lag av undermåls småkriminelle i mangel av både spisskompetanse og totaldugleik.

No vel, tunnelen når likevel fram til lyset, og pengane i kasinobingen hamnar i klypene på B-gjengen i kjellaren til Mrs. Munson. Men det professoren ikkje har rekna med, er at den gode, gamle enka følgjer moralens rette vegar og dessutan byrjar å få snusen i at ensemblet i kjellaren spelar muffens musikk. Til slutt er det inga anna råd enn å forsøke å ta livet av henne, derav filmtittelen The Ladykillers.

Eg skal ikkje røpe korleis drapsforsøka endar, men det er all grunn til å rekne med at Mrs. Munson gjev dei arme skurkane ein viss motstand. Irma P. Hall er strålande i rolla som baptist-enke frå det amerikanske bibelbeltet filmen introduserer henne i det ho klagar inn ein ungdom i nabolaget for å spele «hippety-hop-musikk». I stua har ho eit måleri av sin avdøde husbond, Othar, eit bilete som tener både som samtalepartnar og husvaktar.

Publikumsfrieri.
Elles er det Tom Hanks som denne gongen går i trespann med filmskaparane Joel og Ethan Coen, og han kjem brukbart ifrå sitt professorale ordgyteri på sørstatsdialekt. Likevel er han, til sams med dei andre skodespelarane, til ein viss grad bunden av stereotypien i rolla. The Ladykillers er ei form for karakterkomedie, og personane blir fort i overkant statiske i insisteringa på sin eigen rollefigur. Når dette vert kopla med eit manus som ikkje har same sprengkraft som brørne Coen vanlegvis har, kan resultatet til tider bli trøyttande. Coen-brørne har ikkje i like stor grad det subtile uttrykket frå tidlegare filmar, men leflar her med lettkjøpte poeng og billeg publikumsfrieri. Særleg den langdryge humoren frå kroppens anale regionar høver ikkje godt saman med merkenamnet Coen. Er brødrene no litt for langt ute på den breie veg?

Gospel.
Når det er sagt, finst det mykje god Coen-kunst også i The Ladykillers. Den svarte humoren og dei tindrande replikkane er framleis på plass, og Coen-tilhengarar vil finne mykje å gle seg over. Mange vil nok også merke seg den framifrå gospelmusikken i filmen.
Samtidig er det i overkant mykje stygt språk i filmen, mesteparten kunne med fordel vore fjerna. Og 11 års aldersgrense er i underkant, sjølv om valden i filmen ber preg av slapstick.

Kanskje er det urettvist overfor filmskaparane å heile tida måle dei mot sine tidlegare blinkskot, men The Ladykillers kjem eit stykke ned på rangeringslista ingen «killer» frå Coen-brørne denne gongen, altså. Men Irma P. Hall i rolla som Mrs. Munson var eit klokt val ho er eit arsenal av filmglede i seg sjølv.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Anmeldelser