Kultur

Dagen felt i PFU etter abort-sak

PRESSEETIKK: Pressas Faglege Utval (PFU) gir avisa Dagen kritikk etter ei sitatsak om ei personleg abort-historie. PFU-fellinga kom etter at avisa lét saka ligge umoderert på Facebook ei heil helg.

– Dagen må ha visst at dette var ei ganske heit potet. Dette er éin av diskusjonane som går i media, som skaper mest polarisering, sa Ingrid Rosendorf Joys, leiar i Samarbeidsrådet for trus- og livssynssamfunn til dagleg, men medlem for allmenta i Pressas Faglege Utval (PFU).

Saka som blei diskutert av PFU, handla om Lina Kristine Tennefoss Vatshelle og om måten avisa Dagen hadde sitert og publisert hennar historie. Saka frå juni, som først blei publisert i lokalavisa Os og Fusaposten, handla om at Vatshelle etter ein seinabort, ikkje føler seg heime i Den norske kyrkja.

Dagen var meldt til PFU for brot på ei rekkje punkt i Ver varsam-plakaten, men det var eitt punkt som gjorde at avisa blei felt. Det var punkt 4.17, som handlar om moderering av kommentarfelt digitalt. Saka til Dagen blei delt på Facebook laurdag 12. juni, der den låg umoderert med kommentarfelt gjennom heile helga.

Lina Kristine Tennefoss Vatshelle reagerer på måten avisen Dagen har behandlet hennes historie om abort på. Hun har klaget avisen inn for syv punkter i Vær Varsom-plakaten.

– Eg blei kalla ei drapskvinne og blei skulda for å ha drepe barnet mitt, fortalde Vatshelle til Vårt Land.

– Det er veldig drygt. Det går ei heil helg, og det som skjer er ikkje overraskande for nokon. At det kjem ord som «drapskvinne» og «mordar» er nesten å forvente. Eg synest det er heilt hårreisande at ein ikkje går inn og modererer kommentarfeltet, sa Joys.

Mangla dokumentasjon på kommentarar

Til Vårt Land fortalde Vatshelle at det hadde komme inn over 265 kommentarar i kommentarfeltet til Dagen. Fleire av dei skal ha vore svært stygge.

– Eg har fått ufine meldingar før, men dette er første gong eg har sjekka at dørene er låst før eg går og legg meg, sa Vatshelle.

Etter at Vatshelle gjekk i dialog med Dagen, blei det gjennomført rettingar i saka og Facebook-publiseringa blei sletta. Til Vårt Land erkjente Dagen-redaktør Vebjørn Selbekk at alt ikkje hadde vore som det skulle i saka.

Då PFU diskuterte saka onsdag, var fleirtalet samde om at eit fullt brot blei vanskeleg på grunn av manglande dokumentasjon. I klaga frå Vatshelle var det berre vedlagt skjermdump av éin ufin kommentar. Utvalet tvilte ikkje på at det hadde komme ei lang rekkje stygge kommentarar, og slo fast at det hadde blitt brot om dei hadde dokumentasjon på fleire. Likevel landa PFU på kritikk.

PFU-medlem Nina Fjeldheim meinte Dagen burde visst betre.

– Dagen, som ei kristen avis, veit at dei har lesarar vil som vil vere kraftig i ordbruken om eit slikt tema. Og så vel dei å publisere på Facebook utan moderering ei heil helg, utan å seie ifrå til klagar. Det er omtankelaust, sa Fjeldheim.

Ho meinte Dagen òg burde bli felt på punkt 4.1, som handlar om å vere sakleg og vise omtanke.

Lang diskusjon, skjerpa fråsegn

PFU brukte lang tid på PFU-klaga mot Dagen. Utvalet hadde stor forståing for at Vatshelle var opprørt, og sa at mykje kunne vore unngått om Dagen hadde kontakta Vatshelle i forkant av publisering.

– Alminneleg folkeskikk hadde vore å ta kontakt med henne, sa PFU-medlem Gunnar Kagge under møtet.

Utvalet hadde òg forståing for at Vatshelle hadde opplevd dialogen med Dagen som problematisk.

– Dialogen var vanskeleg og det tok tid før dei fekk vite kva som skulle rettast. Først på tysdag fekk klagar kontakt med nyheitsredaktør, og det blei fornuftig dialog. Om vi seier at Dagen følgde opp 4.13, som ber medium rette og orsake feil snarast råd, blir det å setje ei godkjentstempel på ein dialog som ikkje var enkel, sa Kagge.

Trass i at PFU var kritiske til mykje i saka, og at fråsegna til Dagen blei skjerpa inn, gav dei Dagen skryt for å ha orsaka og retta opp i saka.

– Det positive er at Dagen legg seg så flate som dei gjer, og anerkjenner korleis metodikken og kontakta med klagar har vore. Dei seier sjølve at dei har ein del å gå på, uttalte PFU-leiar Anne Weider Aasen.

Til slutt var Ingrid Rosendorf Joys og Nina Fjeldheim i eit mindretal som hadde tatt til orde for brot, men eit samla PFU gjekk inn for felling, men ved kritikk.

Les mer om mer disse temaene:

Hans-Olav Rise

Hans-Olav Rise

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur