Kultur

Vårt Land ventar på svar om kristen TV-kanal

KRISTEN-TV: Vårt Lands TV-prosjekt har gitt moglege samarbeidspartnarar ein frist til slutten av januar for om dei ønskjer å ta del eller ikkje. – Mykje kviler på dei store aktørane, meiner Misjonskyrkja.

Alf Gjøsund er prosjektredaktør for Vårt Lands TV-satsing. No har han gitt eventuelle samarbeidspartnarar frist ut januar for om dei vil vere med vidare.

Tidlegare i haust kom det fram at Vårt Land ønskjer å starte ein TV-kanal med ein tydeleg kristen profil. Vårt Lands redaktør for TV-prosjektet, Alf Gjøsund, fortel at ein ny kristen TV-kanal har vore ønskt av mange i lang tid. Han har hatt ei sentral rolle i utgreiingsfasen og fortel at planlegginga i haust har gjort dei meir entusiastiske for prosjektet.

– TV har ei stor rolle i kvardagen til folk. Vi ser det når Stjernekamp har salmar på repertoaret; det er ikkje eit tørt auge i salen. Å tilby TV med eit godt og variert kristent innhald, er ei fantastisk moglegheit, fortel Gjøsund.

Prosjektet er no i ein kritisk fase. Gjøsund fortel at dei så langt har vendt seg til omkring 40 kristne organisasjonar og kyrkjesamfunn i Noreg og invitert dei inn som samarbeidspartnarar. Det er gitt ein frist til enden av januar på om dei ønskjer å ta del i prosjektet eller ikkje. Det blir avgjerande for om det heile blir ein realitet.

– Viss tilstrekkeleg mange er med då, startar vi TV-kanalen, seier Gjøsund.

---

Vårt Lands TV-prosjekt

  • I august vart det kjent at Vårt Land undersøker moglegheitene for å starte ein ny, kristen TV-kanal
  • TV-veteranane Bjørn Solvang og Bernhard Steen er involvert i forprosjektet. Vårt Lands Alf Gjøsund er prosjektredaktør for TV-satsinga
  • No har TV-prosjektet gitt dei om lag 40 involverte moglege samarbeidspartnarane ein frist til slutten av januar for om dei ønsker å vere med vidare eller ikkje

---

– ­Ein uvant tanke for mange

Modellen Vårt Land har presentert til moglege samarbeidspartnarar går i all hovudsak ut på frivillig støtte, årlege avtaler om annonseinnhald og at aktørar blir invitert inn for å bidra med redaksjonelt innhald. Mange har vist interesse og stiller seg bak modellen og den redaksjonelle profilen, fortel Gjøsund.

– Vi opplever stor entusiasme, men det er klart at det at organisasjonane også må bidra, er ein uvant tanke for mange. Nokon har meldt tilbake at dei har rydda plass i budsjettet, andre nøler litt meir, seier han.

Norge Idag uttrykte i haust skepsis til om Vårt Land ville evne å vere ein samlande kanal for Kristen-Noreg. Dagen skreiv på leiarplass at det ville vere presseetiske utfordringar i utviklinga av finansieringsmodellar - med eventuelle gåveinntekter og det å ta imot inntekter for å sende eksternt innhald. Gjøsund er einig i at det er krevjande utfordringar.

– Derfor har vi jobba ekstra mykje med etikken i prosjektet og funne fram til ein solid og gjennomtenkt modell som står seg etisk og juridisk. Vi kjenner oss sikre på at det er fullt mogleg å lage ein samlande kanal for heile det kristne Noreg.

Øyvind Haraldseid i Misjonskyrkja og Ingunn E. Ulfsten, leiar av Pinsebevegelsen, er positive til utviklinga av ein ny kristen TV-kanal.

Økonomisk utfordring

Generalsekretær i Misjonskyrkja Øyvind Haraldseid fortel at dei i utgangspunktet er særs positive til ideen.

Han seier dei har hatt ein grunnleggande presentasjon av TV-planane i eit styremøte tidlegare i desember. Modellen og den redaksjonelle profilen som Gjøsund har presentert, stiller dei seg bak. Utfordringa ligg ved det økonomiske. Per no har dei ikkje stadfesta om dei kan bidra med nok midlar. Skulle nokre av dei større aktørane, som Pinserørsla eller Den Norske Kyrkje vere villige, så er mykje gjort, seier han.

– Dei store må gå litt framfor. Gjer dei det, er det liv laga, seier Haraldseid.

– Spennande prosjekt

Dagleg leiar for Pinserørsla i Noreg, Ingunn E. Ulfsten, syns også prosjektet verker tiltalande.

– Vi er spesielt positive til det vi oppfattar som eit ønskje om å vise breidda i det norske, kristne landskapet. Det, samtidig som ein ønskjer å kunne famne dei som er i «randsona» for ei tru – for dei som er på leit, gjer at vi synest dette verker spennande.

Ho er klar over at deira rolle som ei av dei største frikyrkjene i landet, med både ressursar og kompetanse, gjer dei til ein potensiell viktig pådrivar.

– Det er fint at andre ser til oss. Samtidig må andre kyrkjesamfunn ta sine eigne diskusjonar om dette. Vi vil presentere kva vi kan bidra med, innanfor våre rammer, i slutten av januar månad, seier ho.

– Det er klart at det står respekt av at ein løfter fram eit så stort initiativ midt i koronatida. Vi må lande vår prosess, men er spente på kva ein kan få til her, seier Ulfsten.

Direktør i Kyrkjerådet i Den norske kyrkja, Ingrid Vad Nilsen, skriv til Vårt Land på SMS.

– Vi har hatt fleire møte om desse planane. Saka er no til behandling og vi vil svare innan fristen vi har fått.

Kristin Gunleiksrud Raaum og Ingrid Vad Nilsen fotografert på Kirkens Hus ifb. med statsbudsjettet dagen etter.

– Framleis potensial i lineær-TV

Somme har vore kritiske til å utvikle eit lineært tv-prosjekt i ei tid der fleire og fleire skiftar over til digitale flater.

Dokumentarfilmskapar og entreprenør Harald Flem kalla det «å gå baklengs inn i framtida». Men Gjøsund meiner det framleis finst eit stort potensial i lineær-TV, samtidig som det også må bli satsa på det digitale. Målet er å nå ut breitt i alle aldersgrupper, frå barn til unge vaksne og eldre.

– Det er med ein kombinasjon av det lineære og det digitale at vi kan lansere eit skikkeleg TV-alternativ. Om nokre år blir alt heildigitalt og fragmentert. At vi gjer det no, er dermed heilt nødvendig for å få gjennomslag, seier han.

Gjøsund nemner eit breitt sett med programkonsept dei allereie har tenkt ut: Frå debatt- og underhaldningsprogram, til reality, musikkonkurransar, «dokusåper», dokumentarar og drama. Mykje vil vere kristent, men ein heil del vil vere allment og kompatibelt med kristne verdiar.

– Det er veldig mykje kristen TV som er ganske «halvkleint». Vi kjem ikkje til å hente inspirasjon der ifrå, men heller frå dei som får til TV, for så å fylle det med byggjande innhald, seier Gjøsund.

Enkelte av artiklene i Vårt Land er forbeholdt abonnenter. Vi jobber hver dag for å levere dagsaktuelle nyheter og god journalistikk. Bli abonnent og få tilgang til alt innholdet vårt. Er du allerede abonnent? Takk for at du støtter oss så vi kan fortsette å levere kvalitetsjournalistikk hver dag!

Annonse
Annonse

Mer fra: Kultur