Kultur

Sosiale medium er ikkje rota til mistrivnad

– Ungdom brukar sosiale ­medium konstruktivt, seier leiar for Natur og Ungdom Gaute Eiterjord. Han får støtte frå ny forskingsrapport.

Den utstrakte bruken av ­sosiale medium blant unge har skapt mykje uro dei seinaste åra.

Tidlegare tilsette i Facebook og Google har blant anna uttrykt stor bekymring for teknologien dei sjølv har vore med på å skapa­. Dei åtvarar mot ein ­kynisk bransje som gjer brukarar avhengige og som fører med seg depresjon, angst og einsemd, spesielt for ungdom.

LES OGSÅ: Rune slanket vekk 132 kilo. Men den indre uroen jobber han fortsatt med

Ber ikke skulda

No konkluderar ein forskingsrapport frå Nordisk Ministerråd med at det ikkje er dei sosiale ­mediuma i seg sjølve som ber skulda for auka mistrivnad blant ungdom. Dei forska på unge i alderen frå 14 til 29 frå heile Norden.

– Det er viktig å sjå at det finst ein rekke ulike måtar å bruka ­sosiale medium på. Me fann at dei brukarane som var aktive online, gjennom å kommunisera og å dela saker, også var aktive offline, i kulturliv, frivillig arbeid og blant venar, fortel forskar bak rapporten Michael Birkjær.

For leiaren i Natur og Ungdom (NU), Gaute Eiterjord, har sosiale medium vore essensielle i ­mobiliseringa til skolestreiken for klima. Slik når dei ut både nasjonalt og internasjonalt, til nye aktivistar og andre organ.

– Trass i at sosiale medium ber med seg visse ulempar meiner eg at ungdomen klarer å bruka dei på ein konstruktiv måte, fortel Eiterjord.

LES OGSÅ: Metodistkirken går for å inkludere lesbiske og homofile

Fortsett uroleg

Psykolog, forfattar og tidlegare førsteamanuensis ved NTNU Per Bjørn Foros let seg ikkje overtyda. Han er uroleg for ein generasjon som er særs knytt til teknologi og sosiale medium.

– Sjølv om dei finn fordelar med ein viss bruk av sosiale ­medium veg ulempene mykje tyngre. For meg er det spinnvilt å gje ein mobiltelefon til eit barn, fortel Foros.

Han trur teknologi og meir tid framfor skjermar fører til ein ­generasjon som manglar krefter til å øva motstand mot urettferd og øydelegging av miljø, og i staden rettar kritikken mot seg sjølv.

– Nokon snakkar som om ­sosiale medium står ansvarleg for å øydeleggja ein heil generasjon. Vår forsking viser at det er det ikkje belegg for å seie, fortel forskar Michael Birkjær.

Heller ikkje Gaute Eiterjord vil svartmåla.

– Det har aldri vore så stor ­mobilisering blant ungdom som i dag, seier Eiterjord og viser til skolestreikane for klima.

– Ser ein på den problematiske­ mobbekulturen på internett i dag, så er det jo like mykje dei eldre som står bak.

LES OGSÅ: Hva er egentlig populisme? Og er det destruktivt?

Ser også problema

Verken NU-leiar Gaute Eiterjord eller forskar Birkjær er likevel blinde for nokre av problema med auka bruk av internett. Dei peikar på korleis me heile tida blir utsette for reklame, og korleis konsern som Facebook og Google tar i bruk særskilde metodar for at brukarane ikkje skal gi slipp på dei, ved bruk av «likes» og ­automatisk videoavspeling.

– Her har sjølvsagt konserna eit ansvar, meiner Gaute Eiterjord. I likskap med Per Bjørn Foros­ er han òg skeptisk til om barn har noko å gjera på internett.

Forskarane bak rapporten meiner at det manglar nyanser når ein snakkar om ungdom og sosiale medium, og viser til det dei ser på som ein kamp mellom entusiastar og pessimistar.

– Det er særs viktig å skilja mellom barn og ungdom, og mellom aktive og ekstreme brukarar, seier forskar Michael Birkjær.

– Skal ein få konserna til å endra seg må tilnærminga vere konstruktiv, ikkje basert på ­myter.

Les mer om mer disse temaene:

Jo Arne Hansen Marvik

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur