Kultur

Berre gje meg ein tommel ned, Facebook

Kan vi ikkje berre gjere det enkelt? «Bra» og «dårleg» held lenge for meg.

Bilde 1 av 2

«Kva har du på hjartet?» spør Facebook meg kvar gong eg sneiar innom. Det var då noko til spørsmål, tenker eg. I staden for å dele mine inste tankar med hundrevis av kjente og ukjente, skriv eg noko passe uprivat (frå mellom ribbeina og magesekken ein stad, dersom vi skal halde fram med kroppsmetaforane). Det som ligg meg på hjartet treng eg ikkje offentleggjere i utide.

Bortsett frå det med tankar på hjartet, har ikkje Facebook vore så oppteken av kjenslene mine. Tomlar opp har vore den dominerande uttrykksforma, og det har vore fint, bortsett frå alle dei gongene då eg gjerne skulle ha sagt at dette likar eg ikkje. Då har tystnad vore einaste farbare veg. Symbol-ironi er altfor risikabelt.

LES OGSÅ: Nye emojis på Facebook

«No slettar eg deg frå venelista»

Men – som vi kunne lese her i Vårt Land nyleg – rullar Facebook no ut seks nye «reactions»: eit hjarte (kjærleik) i tillegg til fem såkalla uttrykksikonar (latter, «yay», «wow», trist og sinna) – som om dette var dei vanlegaste kjenslene hos ein engasjert brukar av sosiale medium. Kva med «latterleg», «idiotisk», «hårreisande» og «no slettar eg deg frå venelista»?

For ikkje å nemne «kvalm», «utilpass», «no fekk eg flashback til ungdomsskulen», «den filmen gjev meg skikkeleg julestemning» og «kor gammal er babyen din, eg har tilfeldigvis eit barnebarn på same alder som eg gjerne vil fortelje om».

LES OGSÅ: Hva skal vi mene om Facebook og de nye liker-knappene?

Kunne ha vore så mykje enklare

Poenget med ikon er å gje ein rask og enkel respons. Vert det for mange alternativ, fell botnen ut av konseptet. Dersom nokon har trong til å dele meir enn den spontane reaksjonen sin, kan dei skrive så mykje dei vil i tekstfeltet.

Det er ikkje det at folk vil trenge manual for å forstå dei ulike ikona, i alle høve ikkje enno. Men det kunne ha vore mykje enklare. Det meste i livet – dersom eg berre skal bruke eit sekund på å uttrykke meininga mi – kan summerast opp i «bra» eller «dårleg».

Difor treng eg ikkje ei heil rekke med symbol. Eg har allereie ein tommel opp. Gje meg ein tommel ned, så får eg sagt det eg vil seie.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur