Synagoge redda på overtid

Latvias eldste tresynagoge pussa opp med norske oljekroner.

Den grøne synagogen i Rezekne i Latvia er bygd i 1845. Slik stod synagogen då renoveringsprosjektet starta i april 2014.

Etter ein nesten to år lang byggjeperiode står synagogen fram som det praktbygget han ein gong var.

Adrian Ugland og Bendik Gullovsen frå Sam Eyde videregående skole jobbar med taket i synagogen. Dei lærer den gamle handverksteknikken rapping.

Slik såg taket i hovudrommet ut før renoveringa starta ...

... slik er det blitt; akkurat som då synagogen var ny i 1845.

Interiøret i synagogen er ført tilbake til det opphavlege. Her er det nye Tora-skåpet.

Publisert Sist oppdatert

– Prosjektet var både viktig, lærerikt og utfordrande. Vi fekk vere med og redde eit særs viktig bygg i Rezekne, fortel Adrian Ugland.

Byggfageleven frå Arendal fortel om eit restaureringsprosjekt utanom det vanlege:

– Vi reiv ut over 150 år gamle spikrar, pussa dei for rust - og slo dei inn att. Vi plukka ned det utvendige panelet, sagde vekk berre det som var rote, og spikra fast fjølene på nytt. Kravet var at mest mogeleg av bygget skulle stå, seier ein stolt bygningsarbeidar.

Powered by Labrador CMS