Kultur

Frå krubba til bingen

Først feirar vi Jesu fødsel. Så fråtsar vi i TV-seriar etterpå.

Etter kyrkjegangen og familiemiddagane julaftan og første juledag, vil somme av oss få ein del tid til overs. Det er grunn til å tru at somme av oss vil bruke denne tida til å sjå seg gjennom ein sesong eller tre av ein freistande TV-serie.

Fenomenet heiter «binge-watching» på ­engelsk: Å sjå mange episodar av ein serie rett etter kvarandre. Ulike norske variantar verserer rundt. Sjølv kan eg føreslå bingekikking. Ein kan nemleg kjenne seg som ein gris i bingen når ein går inn i den sjette eller sjuande strake timen av Homeland eller House of Cards. Men du og du kor godt det er å rulle seg i seriesøla.

LES OGSÅ: Kvinnene lyver, manipulerer, slåss og dreper i Game of Thrones

Vanskeleg å lausrive seg

Det engelske ordet «binge» tyder eigentleg ­orgie, fest eller drikkelag, ifølgje Språkrådet. «Binge drinking» er eit uttrykk for å gå på fylla. Kor vidt dette kan få varsellampene til å lyse for bingekikkarane, er uvisst.

Ei vesentleg utfordring med bingekikking er kor vanskeleg det er å lausrive seg og hoppe i den andre bingen, altså senga. Det er jo alltid mogleg å sjå berre ein episode til, eventuelt ein halv episode. Netflix hugsar alltid kvar vi var. Vi er alltid velkomne attende til bingekikkinga.

LES OGSÅ: 'Serien har skapt et manipulativt monster'

Kva skjer med hjernen?

Forskarar har no forska på kva som skjer med hjernen din når du ser på TV-seriar mange timar i strekk. Andreas Lieberoth forskar på spelpsykologi ved Aarhus Universitet og seier til forskning.no at hjernen ikkje blir stimulert til problemløysing når vi brukar han til å sløve framfor TV-en. Den gode nyhenda er at hjernen reparerer seg sjølv når binge­kikkinga etter kvart tek slutt.

Ingen fare, med andre ord? Ikkje heilt, for lyset frå skjermen kan øydelegge nattesøvnen din, om vi har bingekikka til langt over midnatt. For mykje stille­sitting kan dessutan gi auka risiko for hjarte- og karsjukdommar og type 2-diabetes.

«De fleste er enige i at du bør avbryte stillesittingen en gang hver halve time,» seier Mette Aadahl ved Center for Forebyggelse og Sundhed til forskning.no. Minst ein gong midt i kvar episode! Noko så frekt!

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur