Kultur

Kritikarane talte med ei stemme

Solide vinnarar av Litteraturkritikarprisane 2014.

Berre ein gong i året talar dei mange litteraturkritikarane i Noreg med ei stemme – under utdelingane av litteraturkritikarprisane. Med dette artige inngangspoenget kunne Henrik Keyser Pedersen i Norsk kritikerlags arbeidsutval for litteratur lose eit kresent utval av Litteratur-Noreg igjennom Litteraturkritikarprisane for 2014. Eg har sjølv vore med i både styre og arbeidsutval i Kritikarlaget – og eg har delt ut dei same prisane. Men eg er ikkje berre inhabil når eg seier at dei heng høgt.

Det var tydeleg blant anna då ein rørt Tore Rem fekk kritikarprisen for beste sakprosabok for vaksne. Juryen poengterte blant anna at Knut Hamsun. Reisen til Hitler (Cappelen Damm) er «en rik og givende leseropplevelse som i et klart og presist språk levendegjør en bit av Norges nære historie». Hamsuns møte med Adolf Hitler utgjer, med Rems eigne ord, eit av dei mest perverterte augeblikka i norsk historie. Med akademisk tyngd og forplikting på ålmennlesaren har Rem skrive eit verk som høgst truleg vil bli ståande for ettertida.

Sosialt blikk

Ingvild H. Rishøi fekk kritikarprisen for beste skjønnlitterære bok for vaksne. Hennar Vinternoveller var blant dei tre beste bøkene (til sams med dei to andre nominerte: Lars Petter Sveens Guds barn og Rune Christiansen Ensomheten i Lydia Ernemans liv) då Vårt Land gjorde opp status over bokåret 2014. Etter avstemming blant litteraturkritikarar over heile landet kunne Vårt Lands meldar Astrid Fosvold i går dele ut den høgthengande prisen til ein forfattar som både er ein glimrande stilist og har eit skarpt sosialt blikk. Redaksjonssjef Kari Marstein i forlaget Gyldendal poengterte i gratulasjonstalen at forfattaren foreinar det litterære og det etiske. Ho ytra sterk tru på at vi faktisk blir litt betre menneske av å lese Rishøis bøker. Det fortener sin pris.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Dempa smerte

Det same kan seiast om Gro Dahles og Svein Nyhus' bøker. For biletboka Akvarium (Cappelen Damm) fekk paret kritikarprisen for beste barne- og ungdomsbok. Boka kan lesast som ein sårvakker allegori over ei barn med alkoholisert mor. «Svein Nyhus briljerer i fantastiske kombinasjoner, og Gro Dahle har knapt noensinne skrevet en billedboktekst som er så konsentrert og stram, så lyrisk og vakker, men samtidig med så mye så dempet smerte i seg,» sa Geir Vestad i juryen.

Kritikerprisen for beste omsetting blei tildelt Hege Susanne Bergan for Bønn for Tsjernobyl. En fremtidskrønike av Svetlana Aleksijevitsj (Solum). Guri Fjeldberg, kjent som kritikar i Bergens Tidende og Barnebokkritikk.no, fekk prisen som Årets litteraturkritikar.

Det var solide vinnarar som mottok eit trykk av Niclas Guldbrandsen i går. Så får kritikarane lese vidare, kvar med si eiga stemme, på jakt etter nye bøker som fortener å bli løfta fram frå stablane.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur