Kultur

Oscar til inspirasjon

Historia om Morten Tyldum går rett inn i den norske Espen Askeladd-tenkinga.

Den norske filmregissøren Morten Tyldum stod i natt midt i sentrum under verdas største filmprisutdeling. The Imitation Game var nominert til heile åtte Oscar-nominasjonar og vann éin – for beste adapterte manus (manus basert på ei bok). Sjølv om Tyldum ikkje nådde heilt opp i tevlinga om dei gjevaste prisane, prisen for beste film og beste regi, er han likefullt ein vinnar. Den norske regissøren har hatt det kunstnariske ansvaret for ein film som har målt seg mot og stått på likefot med det ypparste frå Hollywood. Det er ein formidabel prestasjon.

LES OGSÅ: Færre filmar gir ikkje betre filmar

Espen Askeladd

Historia om Morten Tyldum går rett inn i den norske Espen Askeladd-tenkinga. Nordmenn elskar når nordmenn gjer det bra internasjonalt. Noreg er eit lite land, og vi trur av og til at det er fem millionar askeladdar som bur her. Når Morten frå Bergen kjempar seg fram til å ete kirsebær med dei store amerikanske filmstjernene, er det ei historie vi likar godt. Derifrå er ikkje vegen lang til å seie at det var «vi» som vann Oscar i natt.

Det er både gale og rett. Dei norske aksjane i den britisk-amerikanske The Imitation Game er ikkje mange. Men Tyldums veg til stjernehimmelen har gått gjennom den norske filmbransjen. Det er knappe fire år sidan Tyldum slo igjennom internasjonalt med filmatiseringa av Jo Nesbøs bok Hodejegerne. Med Oscar-suksessen er han etablert som eit av dei heitaste reginamna i verda.

LES OGSÅ: Kan fylle kofferten med Oscar-statuetter

Stor inspirasjon

Oscar-nominasjonane og -statuetten til The Imitation Game er ein triumf for Tyldum, og til stor inspirasjon for norske filmskaparar. Oscar er ikkje den einaste, eller fremste, målaren av filmatisk kvalitet, men effekten av Tyldums suksess kan bli at norske regissørar ser at det er mogleg å nå så langt ein vil med filmkunsten sin. Auka sjølvmedvit og sjølvtillit er positivt for heile bransjen.

Det er samtidig verdt å minne om at det ikkje nødvendigvis er eit mål at alle norske filmskaparar blir plukka opp av store, internasjonale produksjonsselskap, men at dei får best mogleg vilkår for å lage best mogleg film i Noreg. Her har regjeringa eit ansvar. Det er bra at kulturministeren legg til rette for ei insentivordning som skal lokka utanlandske produksjonar til landet utan at dei tappar budsjettposten for norsk film. Men det er endå viktigare med trygg og solid støtte til norske aktørar.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Norsk kompetanse

Vi gler oss med Morten Tyldum over suksessen hans i utlandet. Så håper vi at han også vil bruke kompetansen sin inn mot det norske filmmiljøet.

Vi treng alle gode krefter i sving om Noreg skal bli ein viktig filmnasjon.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur