Kultur

Nobelprisvinnar på villspor

Med The Childhood of Jesus verkar det som om Coetzee er lei heile skrivekunsten og berre sit og driv gjøn med oss.

ANMELDELSE: Den sør-afrikanske nobelprisvinnaren J. M. Coetzee har skrive mange gode bøker. The Childhood of Jesus er ikkje ei av dei. Romanen tek oss med til eit land på den andre sida av sjøen – ein kan velja å tolke det som eit postapokalyptisk landskap, eller som eit liv etter døden. Coetzee skildrar eit samfunn som i mangt står fram som eit limbo, ein stasjon for menneska etter at livet i den gamle verda er levd til endes. Men dette nye livet er ikkje mykje å hige etter – det er blodlaust.

LES MER: Hvem er Coetzee? Journalist Arne Guttormesen har forsøkt å finne svaret. https://vartland.buyandread.com/wl/index.htmKjøp papiravisen og les mer her.

Med tittelen Coetzee har vald på romane sin, er det vanskeleg å ikkje skule til den bibelske forteljinga om Jesus under lesinga. Forfattaren etablerer ein heil bråte med meir eller mindre odde parallellar, der femåringen David blir sett i scene som ein Kristus-skapnad. David undrar seg over sitt eige oppdrag, han ønskjer å lækje både menneske og dyr, og han får ei jordisk mor som ikkje er hans eigentlege mor – Inés.

Brød og sex. I tillegg til dei bibelske handlingsparallellane fyller Coetzee på med ditto språkbruk, så som formuleringar at mennesket ikkje leve av brød åleine. Simón, den vaksne hovudpersonen, som har teke på seg eit slags ansvar for David, jobbar med å bere tunge kornsekkar nede på hamna. Menneska i den nye verda et enorme mengder brød – berre litt frukt og fisk, og sjeldan kjøt.

Simón er opptatt av «kjøt» på anna vis, nemleg sex. Dette ser ikkje ut til å vere ein aktivitet som dei dydige borgarane i Novilla er så interesserte i. Berre ein slags djevelskapnad, gangsteren Daga, verkar å ha seksuell appetitt. Simón overgir David, som er blitt som ein fosterson for han, etter at han ikkje får det til å stemme seksuelt med den gode kvinna Elena. Handlinga er idiotisk, noko som ikkje får stå ukommentert i romanen.

Driv gjøn. Det pussige er at Coetzee fell igjennom både i handlingsoppbygging og språkleg framstilling i The Childhood of Jesus. Ofte verkar det som om at nobelprisvinnaren er lei heile skrivekunsten og berre sit og driv gjøn med oss. Personane i romanen fører lite interessante diskusjonar, og Coetzee nektar seg verken å bruke platte ordspel eller å utvikle kvasifilosofiske resonnement om bæsj.

Så kva kan han ha meint? Kva slags bok er The Childhood of Jesus? Coetzees merkelege form for sci-fi med religiøs overbygging tek på eitt vis den postapokalyptiske skjønnlitteraturen eit steg vidare. Men dette er langt ifrå Cormac McCarthys The Road (Veien). Romanen verkar i stor grad som ein djup spøk, eit omgrep henta frå Coetzee. Eller ein merkeleg parodi på det bibelske evangeliet, der Jesus-figuren blir omgjort til trollmannens læregut eller ein edel og narraktig Don Quijote.

Lite interessant. Under lesinga blir eg sittande og leite etter forsonande element å gripe tak i, passasjar med litterær interesse eller tankeinnhald av vesentleg format. Lite slikt dukkar opp. Men ei velviljug lesing kan vere at Coetzee skildrar immigranttilveret på ein presis måte, korleis det meste verkar absurd når ein ikkje kjenner dei kulturelle kodane på førehand.

I den nye verda snakkar alle spansk, også dette verkar som eit haltande historisk-kritisk påfunn. Det meste verkar abstrakt, og det kanskje slik Coetzee har ønskt at det skal vere.

Eg såg ikkje denne romanen komme, for å seie det slik. Og vi er best tente med å nærme oss Coetzees forfattarskap frå heilt andre sider. Det mest interessante ved The Childhood of Jesus er korleis Coetzee skildrar kampen mellom egoisme og nestekjærleik i hovudpersonen Simón. Elles tenderer romanen mot nonsens.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur