Kultur

52 mål i Hordaland

Kan hende er Hordaland det norske fylket som har størst spenn i seg. Den gilde boka 52 opplevingar i Hordaland viser veg.

Alle har vi høyrt om den smale veg, men han er lettare å finne og vanskelegare å halde seg på i Hardanger enn andre stader. Vi snakkar her om bilkøyring med fjorden der nede og fjella høgt der oppe. Dessutan må mannfolk vare seg for huldrehekking, åtvarar Kjersti Mjør og Helge Skodvin, som no kastar seg ut i bokhausten med den gilde boka 52 opplevingar i Hordaland. Vestlendingar og anna godtfolk kjenner opplegget att frå 52 opplevingar i Sogn som kom for to år sidan.

Høgt nivå. Det er då slik at bladfyk og fotograf med sine hjelpemedel tek føre seg 52 tema, og her er det berre å slå klinkande fast at resultatet ligg på same høge nivå som Folgefonna. Heilt personleg lyt eg berre seie at tekst og bilete frå gravlunden på Valen gjer eit uvanleg sterkt inntrykk. Det var slik at bygdefolk ikkje ville liggje saman med psykiatriske pasientar, og Kjersti Mjør klandrar dei ikkje for det. Ho skriv om livet slik det var, også for dei som ikkje fekk noko langt liv etter det lobotomiske inngrepet, og ho nyttar ein usedvanleg fin og rotekte nynorsk

Men her er mykje meir enn psykiatri, her har vi sjølvsagt stavkyrkja i Røldal der den katolske tru heldt det gåande i meir enn 300 år etter reformasjonen, men så har då den tidlegare isolerte fjellbygda lengste skisesongen i landet.

Basillen. Dette er ei bok med fin blanding med det meste frå baroniet i Rosendal til Rallarvegen, og Øystese kan by på eit fjellvatn med gullfisk. Det var handlekraftige Klaus Hanssen som sette ute fisken, han var i si tid kjend for arbeidet mot tuberkolosen.

No er han gløymt, det er ikkje broren Armauer som forska seg fram til leprabasillen. Mellom dei 52 opplevingane er det også eit kapitel om Lepramuseet i Bergen. Eg kan enno minnast uhyggen som steig opp frå St. Jørgens hospital nå vi var på bytur, takka vere Blåveisen var spedalsksjuka noko vi verkeleg kjende til.

Stor spenn. Kan hende er Hordaland det norske fylket som har størst spenn i seg. Det går frå høgfjell og langt vest mot dei stormslegne holmar og mellom dette ligg den einaste byen vi har med lange urbane tradisjonar. Meininga med denne boka er at ein skal lese ho og deretter ta turen ut til det ein tykkjer er lokkande – og det er mykje.

God lesnad og god tur – og takk til Kjersti Mjør og Helge Skodvin!

Les i papiravisen:

Per Eriksen har anmeldt bøkene Lang Lydighet og Prekener fra Nord-Norge.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur